onsdag 28. mars 2007

Påskeliljer

Eg er med i ein Naturbilde along på Hobbyboden. Naturfoto along
Der me skal ta eit Naturbilde i veka, her kjem mitt bidrag frå denne veka. Biletet er tatt rett utforbi stoveglaset. :o)


mandag 26. mars 2007

Poncho til BB


Denne BB ponchoen er strikka i restegarn etter sokkane, altså Smart garn... Men trur du ikkje at eg slapp opp for brunt garn rett før eg var ferdig?!? Eg manglar litt til den siste omgangen og så manglar eg til fellinga.... Surt å måtte kjøpe eit heilt nytt nøste pga det.... Men, men.... Det får bli til helga, tenkjer eg....

Smarte sokkar


Sidan me ikkje har Garnstudio sitt garn her ute, har eg strikka desse sokkane i dobbelt Smartgarn. Dei er strikka til ein along på Din Hobby og er strikka i bursdagsgåve til ei niese som elskar tjukke sokkar og brunt og rosa.

Veske med blomst

Ei veske eg strikka for lenge sidan , men som eg aldri har lagt ut då eg har vore usikker på pyntinga av den. Eg fann den att hin dagen og då kom eg plutseleg på kva eg kunne pynte den med.... :o)
Viss eg ikkje hugsar heilt feil trur eg den er strikka i Eskimo, gulltråd og eit fluffy garn som eg trur er Vienna. Det er så lenge sidan at eg er litt usikker....

tirsdag 13. mars 2007

Hønsegården!




14 høner strikka i fritidsgarn. Så no manglar det ikkje på påskestemning i heimen... :o)


Klikk på biletet så vert det større.

Tova veske og veskesmykke


Tova veske strikka i fritidsgarn. Eg har fortsatt igjen å sy i trykk knappar, men eg fann ut det var best å legge den ut før eg reiser på ferie, elles vert det vel kanskje ikkje gjort...
Denne er strikka i forbindelse med veskealongen på Din Hobby.

Menneskets beste venn


Vår nydelege Border Collie hann, Siko! :o)

søndag 11. mars 2007

Chilli skjerf


Eg strikka dette skjerfet til og frå kiropraktoren. Min kjære måtte køyre meg då eg ikkje klarte å køyre sjølv pga ryggen. Så då var det å stille setet ein smule bakover slik at ein låg godt og så strikke, strikke, strikke.... Eg strikkedilla?!?! Korleis kan du tru noko sånt?!?! :o)

Smykkesett



Bursdagsgåve til ei veninne. Ho kom på besøk i går og eg hadde ein smule dårleg tid med å få laga dette settet, ei eske til å ha det i og eit kort. I tillegg har søstra hennar nettopp fått baby, så då måtte eg lage eit kort til gåva til dei og. Så....på 1 time og 20 minutt var eg ferdig. Då var det å springe i dusjen og så lage mat. :o) Men....eg rakk det....

Eg hadde eigentleg tenkt å lage det i grønt, men då eg skulle starte kl 18, oppdaga eg at eg ikkje hadde så mange grønne perler, men heldigvis er jenta svært glad i både brunt og grønt, så det ordna seg. :o)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails