onsdag 23. januar 2008

Januar sokkane/ January socks






Eg har meldt meg på Sokker 2008 og skal strikke eit par sokkar kvar månad.
Hovudmønsteret for januar var Anastasisokkar. Eg har strikka mine i Opal og pinnenr. 2,5. Angrar litt på at eg strikka dei i sjølvstripete garn, men det var det eg hadde for handa... :)

Mønsteret var eit Tå-opp mønster, så eg har utsett det ei stund,- men det var mykje enklare enn eg trudde, og eg slapp unna med å rekke opp den eine tåa ein gong. Så eg er i grunn ganske fornøyd. ;)

Januarfargen på Ett år i farger var og blå,- så desse er mitt bidrag her og.
I tillegg snik dei seg sikkert inn som ei julegåve, dersom den ikkje går til ei bursdagsgåve eller noko før det... Så det blir tre fluger i ein smekk. ;)

-------------------------------------------------------------------------------------

This year I've attended the sock along 2008 and we will recieve a new sock pattern each month. It's the first time I've knitted toe-up socks, and it was easier then I thought it would be.
This month it was Anastasia socks. I've knitted mine in Opal.

Vaffelsokkar med krem/Waffle socks with whipped cream


I januar fekk me og eit bonusmønster. Det var Blueberry Waffle Socks.
Mine vart strikka i Smart.
Eit kjempekjekt mønster å strikke.
Desse vert nok sikkert julegåve eller bursdagsgåve viss ingen kjem med ønskjer før det. ;) Så då går desse inn i julegåve alongen 2008 og. ;)
-------------------------------------------
In January we got two patterns in the Sock along.
This is the bonuspattern,- Blueberry waffle socks. They were fun knitting.

mandag 21. januar 2008

Rosa babykjole



Ei veninne fødde ei nydeleg jente, 10. januar.
Eg hekla denne kjolen til henne i Sandnes Alpakka. Det tar nok litt tid før den passar, då den vart hekla i str 12/18 mnd, men, men...alltid greit å ha noko å vekse i. :)
Det er ein blomst på den med grøne blad rundt, viss du trykker på biletet ser du det betre.

søndag 20. januar 2008

Isskrapevottar nok ein gong


Desse isskrapevottane er strikka på bestilling. Så håpar eg dei fell i smak hos mottakar. ;)
Dei vil nok varme godt i vinterkulden uansett når ein ikkje har garasje.

Firkanttøflar igjen



Nok eit par firkanttøflar. :) Desse er kjekke å strikke. Får sjå etterkvart om desse havner i julegåve/bursdagsgåve-kista eller om det havnar i kista for bruk i heimen...

mandag 14. januar 2008

Lue og pulsvarmarar

Ei veninne ønska seg pulsvarmarar til bursdagen sin no i januar. Eg elsker dette mønsteret,- så då fann eg ut at det kunne vere kjekt å strikke eit sett til henne.

Settet er strikka i deilig Alpakka frå Drops.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails