søndag 30. mars 2008

Sirkelsokkar/ Circle socks



Den nest siste dagen i månaden er marssokkane i Sokker 2008 ferdig. :) Betre seint enn aldri...
Eit artig mønster å strikke. Denne gongen har eg prøvd meg på både ny hel og tå, og sjølvsagt på ny legg og. ;) Sokkane er strikka i Opal og pinnenr. 2,5
_____________________________________________
Finally, I've knitted the Circle socks, which are the pattern in the Sock KAL 2008, this month. I've never knitted a heel and a toe like this,- it's always fun to learn new things. And, of course, I've never knitted a leg like this either. ;) It was a fun pattern!

onsdag 19. mars 2008

Hekla sjal/crocheted shawl


Eit hekla sjal i eit anna mønster enn dei forrige. Dette er hekla i brun Kitten Mohair og er eit mjukt og deilig sjal.
______________________
This shawl is chroceted in brown Kitten Mohair yarn, which makes it very soft.

mandag 17. mars 2008

Ballerina jakke/ Ballerina jacket


Niesa mi starta på ballett i januar og kva passar vel betre då til 5 årsdagen på tysdag enn ein ballerina jakke?
Mønsteret er det LilleDuck som har designa. Kjempeflott og raskt og strikke!
Jakken er strikka i Kitten Mohair.
__________________________
My niece attended a ballett class in January. On Tuesday she turns 5, and I guess a ballerina jacket will be a perfect match. ;)
LilleDuck has designed this pattern. The jacket is knitted in Kitten Mohair yarn.

søndag 16. mars 2008

Sauejakke / Sheep-jacket




Denne jakken er strikka til ei nydeleg lita tulle som vart fødd på sjølvaste kvinnedagen. :)

Jakken er strikka i Tilda på pinnenr.3,5 og str 1 år. 12 sauer er brodert på etterpå. Veldig fornøyd med jakken, men eg trur nok ikkje at eg kjem til å strikke med Tilda garnet fleire gongar. Eg var ikkje heilt fornøyd med det.

Eg ser og at rosafargen på garnet ikkje kjem heilt fram på biletet, men, men..

__________________________________________

This jacket was knitted for some friends who gave birth to a little girl in the beginning of March. The 12 sheep are embroided on the jacket at the end.

Rosa sjal


Eit sjal hekla i Mohair, veit ikkje heilt kva merket er på garnet. Hadde ikkje meir igjen av garnet så derfor måtte eg stoppe her, så dette passer nok best til barn/tenåring, tenkjer eg. ;)
_____________________
A crocheted shawl for girls. Crocheted in some kind of Mohair yarn.

mandag 10. mars 2008

Babykjole/Babydress


I går var me på besøk hos eit vennepar som fekk ei nydeleg lita tulle i februar. Denne kjolen med ku på hadde me med til henne. På selane er det små søte hjerteknappar, dei kjem ikkje så godt fram på dette biletet. Biletet vart tatt fort før eg pakka inn kjolen og gjorde alt klart til me skulle avgårde. ;)
Kjolen er strikka i Babyull på pinnenr. 2,5.
___________________________
Some friends of us gave birth to a beautiful little girl in February. I've knitted this cute little dress for her.

lørdag 1. mars 2008

Carebear


Mamma'en til ei nydeleg lita jenta som vart fødd 12.januar har bestilt denne til veslejenta. Håpar mor og barn vert fornøyde.
____________________
This carebear was an order from a friend.

Hekla sjal

Dette sjalet er hekla i Kitten Mohair. Veldig kjekt mønster,- så det vert nok fleire av desse!

Roser/roses


I dag har denne jenta tatt eit steg nærmare dei frykta 30-åra... Og i går (blomsterbudet kunne ikkje levere i dag) mottok eg 27 roser på døra frå min kjære. I dag kom det sjokolade og ein godtepose i posten. Så då vert dagen ok til tross for at eg sitte for meg sjølv og feirer på hybelen med oppgåveskriving og anestesilesing. ;)
__________________
I turn 27 today, and my boyfriend has sent me 27 beautiful roses!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails