lørdag 30. august 2008

Brunt smykke/ Brown necklace


Det er jammen meg lenge sidan eg har laga smykker!!! Og det er utruleg mykje eg har planer om å gjere så snart bryllupet er over. ;) Lage kort, lage smykker osv., osv... Men...tok meg tid til å kose meg litt med perlene i dag og har laga dette smykkesettet i bursdagsgåve til ei veninne. Håpar det fell i smak!
Må sei eg ønskjer meg sånn "byste",- enklare å vise fram smykker då. ;)
Klikk på biletet så vert det større.
_______________________________
It's a long time since I made necklaces etc.! There's a lot of things I want to do again as soon as the wedding is over and we are married. ;) Right now the wedding is taking up a lot of my time. This necklace and the earrings are made for a friend of mine's Birthday. I hope she'll like them!

fredag 29. august 2008

Jetpinnehekling/ Broomstick scarf




Har hekla eit sjal i jetpinnehekling. Eg har brukt eit nøste Kitten Mohair i ein varm, herleg raudfarge, men den kjem ikkje heilt fram på biletet. Veit ikkje heilt kor dette skal havne enno, men kanskje nokon vil kjøpe det eller kanskje det vert jule - eller bursdagsgåve... Kven veit?
Vår nye pus, Sotus (han er heilt svart), synes no uansett at det er ganske artig å ha ei matmor som strikkar å hekler,- garn er gøy og til for å leikast med!!! Men...heldigvis sovnar han til slutt i fanget mitt og eg kan strikke/hekle i fred når me har leika ferdig. ;)
_____________________________
I've crocheted a broomstick scarf in a Mohair yarn. It's a lovely red color, which doesn't show that well on the picture.

torsdag 28. august 2008

Pulsvarmarar/ wrist warmers


Eit par pulsvarmarar strikka i Chiri Alpakka frå Rauma. Eit mjukt og godt garn. Desse skal bli ei bursdagsgåve til ei veninne som har bursdag i dag. ;)
__________
A pair of wristwarmers knitted in Alpacca yarn. These are a Birthday present to a friend.

tirsdag 26. august 2008

Hue / hat



Ei hue strikka i Two in One og eit anna garn som eg ikkje heilt veit kva er.. Gjekk tom for det melerte garnet og måtte spe på med eit anna. Mjuk og deilig hue!!
Garnet på toppen er brunt. ;)

____________________________________
A hat knitted in a yarn called Two in One. The hat is soft and warm. The yarn on the top of the hat is brown. ;)

Februar bonussokkar/ February Bonussocks


Bonussokkane for februar er strikka i Babyull og skal verte ei gåve til ei lita tulle som vart fødd i slutten på mai. Litt seint ute, men, men... Eg fekk akkurat litt for lite garn og måtte rekke opp att ein Mary Jane Bootie som eg hadde strikka. Eg hadde ikkje strikka sokken til den enno, men litt kjipt uansett å rekke opp igjen. Skikkeleg brødhovud som ikkje kunne vege garnet før eg sette i gong med å strikke desse sokkane... Men, men...
______________________________
I've knitted these bonussocks for February in the Sock KAL 2008 in Baby wool. I will wrap them and put them in the mail tomorrow, and they are going to be a present for a little babygirl who was born in the end of May.

mandag 25. august 2008

Prinsessekroner/Crowns for princesses



Strikka desse tre prinsessekronene i gårkveld. Synes dei er ganske artige å strikke. ;) Dei har foreløpig ingen ny eigar, så dei vert kanskje julegåver, eller til salgs. ;)
Me fekk oss ein katt i går, ein heilt svart kattepus på ca 10 veker. Ein artig krabat. Bånn gass i ein time og så er det å krølle seg saman ved sida av deg og sove ei stund. Lading av batteri. ;) Me var litt spente på korleis det kom til å gå i lag med vår kjære hund, Siko, som elskar å jage kattar oppi trea. Men...Siko skjønte fort at denne katten skal vere her, så denne må han vere snill med. Hunden ligg berre i ro i gangen på kvelden og enser ikkje katten, men gjett om katten freser kvar gong han ser stakkars Siko. I dag tidleg vart Siko sluppen ut om morgonen då hans eigar og han skulle i fjøsen, katten vart sluppen ut frå badet etterpå, men kjente tydelegvis lukten av hunden og freste som berre det. ;) Blir spennande å sjå kor lang tid det går før dei vert vener, og om dei faktisk kjem til å verte vener. ;)
____________________________________
I knitted these three crowns yesterday. I love this pattern! They might become Christmaspresents or maybe I will sell them... who knows? ;)

søndag 24. august 2008

Babysett/ Babyset


Nok eit babysett! Dette er strikka i babyull til ei veninne som fekk ein son 11.august. Likar dette huemønsteret veldig godt og helen "short row heel" er utruleg kjekk å strikke. Strikkar den på alle sokkar no. ;)
___________________________
Another babyset. This is for a friend who gave birth to a little babyboy on August 11th. I love this hatpattern and the heel on the socks (short row heel).

torsdag 21. august 2008

Babylue og -sokkar/ Babyhat and socks


Det vert jammen meg lite strikking oppi all bryllupsplanlegginga!!! Men...no er ALLE bordkorta ferdige og ALLE forsidene til sanghefta. I tillegg er alle våre sangar printa ut etter ein del krangling med skrivaren, men no står alt pakka og klart i ein kasse og skal bort til ei svigerinne, så skal ho ta i mot resten av sangane og sette hefta saman. ;)
Men...eg har no fått strikka litt. Sokkane er eit bidrag til Sokker 2008,- det er junisokkane i babystørrelse. Dei er strikka i Opal og pinnenr.2mm. Lua er strikka i Rauma Babygarn (lyserosa) og Opal (mørkerosa). Det skal vere ei lita gåve til ei lita tulle. ;)
___________________________________
Our weddingplans keeps me really busy, so I do not knit much at the moment. But...I've had some time to knit this babyhat and the cute little socks. The socks are also the June socks in the Sock-KAL 2008. They are knitted in Opal. The set is a gift to a little baby who is expected around these days. ;)

fredag 15. august 2008

Isskrapevott og Booga J/ Icescrapemitten and Booga J


UFO prosjekt som eg endeleg har fullført! Booga J veska er strikka i Noro Kureyon garn og isskrapevotten i Vestlandsgarn og Chili. Synes i grunn veska vart litt artig og trur nesten eg har lyst til å bruke den sjølv. ;) Har forstått det sånn at ein del av fargane som er på den vert in til hausten, så då må det jo vere bra... Hehe...
Isskrapevotten vert nok ei julegåve...
___________________________
Two UFO projects finally done. The Booga J is knitted in Noro Kureyon and the icescrapemitten is knitted in a Norwegian wool yarn. I might use the Booga J myself, the icescrapemitten will be a Christmaspresent, I guess.

onsdag 13. august 2008

Kjøkkenklut/dishcloth



Nok ein kjøkkenklut. Strikka denne i gårkveld. Garnet er Pure Milk Fiber frå Viking og er eit heilt fantastisk deilig garn!!! Fekk nøstet i HV gåve i juli. Eg har brukt eit nøste og pinnenr. 3mm. Gler meg til å ta kluten i bruk.

_____________________________

Another dishcloth. I knitted this one last evening, and used Pure Milk Fiber Yarn from Viking. I just love this yarn!

tirsdag 12. august 2008

Kinajakke/Chinese jacket



Ei veninne fekk baby 12.juni, men dei siste mnd har vore travle med siste innspurt på skulen, ein del jobbing i starten og stress for å få ferdig bryllupsinvitasjonar, og no bordkort og sanghefter, så strikkinga har vel ikkje akkurat blitt prioritert. Men...endeleg er den ferdig og kan gå i posten i morgon. Den er strikka i Smart. Blomstrane er strikka i Babyull. Håpar dei vert fornøyde. ;-) Mønsteret er henta frå boka Myk start.

_______________________________

A friend of mine gave birth to a beautiful little girl on June 12th, but my last months have been really busy,- finnishing school and graduating, finishing the weddinginvitations, work and so on... So...knitting has not been my highest priority, but now it's finally done and I can put it in the mail tomorrow! The jacket is knitted in a yarn called Smart (superwash wool), the flowers are knitted in Babywool. I hope they'll like it!

mandag 11. august 2008

Kjøkkenklutar /Dishcloths


Det er ei travel tid med mykje å gjere. Det nærmar seg bryllup og mykje av tida vert dermed prioritert til bordkort, sanghefter, sangar osv. og strikkinga vert helst nedprioritert.. I tillegg er det jo slåtten som tar ein del tid. Hadde berre to dagar att no så hadde me vore ferdige med "håne", men...det var då voldsomt som det skulle regne.. Er visst ikkje meldt bra ver før til helga igjen, så me får satse på at me vert ferdige til helga.. Men litt strikking har det blitt innimellom. Desse har derimot lagt ferdige ei stund, har liksom berre ikkje fått lagt dei inn. Den nedste her er eit bidrag til ein along på Hobbyboden,- eller alongen startar i grunn ikkje før 1.september, men me fekk eit tjuvstartmønster. ;)
Eit par kjøkkenklutar strikka i Viking Milk Fiber garn. Spennande! Har aldri prøvd å strikke med det garnet før. Dette garnet fekk eg i hemmeleg ven gåve i juli,- artig garn! Tenkte å strikke ein del av desse, kjekt å ha heimestrikka klutar i mange fargar og så er dei jo kjekke å gi vekk og. ;)
___________________________
It's a really busy time at the moment, planning a wedding and the harvest going on. So my knitting is not the highest priority... But, I've knitted a little bit. ;) These two dishcloths are knitted in Viking Milk Fiber yarn.
A really fun yarn to use!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails