torsdag 29. januar 2009

Fiskehue / Fish Hat


Denne hua synes eg er utruleg tøff!! Den skal bli bursdagsgåve til ein liten kar som har bursdag i mars. Eg har allereie planlagt ei til sjølv om eg ikkje heilt enno har klart kven som skal få den. ;) Må berre strikke ferdig litt andre ting først så er eg klar med ei ny fiskehue. Rask og kjekk å strikke! Klikk på bileta så vert dei større.
Garn: Smart og litt Rauma Fagstrikk
Pinnenr.: 4,5mm
Brukt: 109gram
______________________________
This hat, Fish Hat (Dead or Alive?), was really fun to knit!! I've already plans for another one, though I have no idea yet who's going to get it. ;) This one is going to be a Birthday present for a boy in March. Click on the pictures to enlarge them.

tirsdag 27. januar 2009

Hue og raggsokkar/ Hat and socks


Ei Odessa hue strikka i Sandnes Alpakka på pinnenr 3,5mm. Det gjekk med ca 45gram. Passar til sjalet litt lenger nede på sida. Eg held på å strikke vottar no i same garnet slik at det kan vere eit sett. Skal ta nytt bilete i morgon ute i dagslyset. ;)
Denne vart strikka i dag til og frå sjukehuset for å besøke bestemora mi, som forøvrig ikkje var den kjekkaste opplevinga. Ikkje noko kjekt å sjå at si eiga bestemor strever med å puste pga lungebetennelse og astma og helst har lyst til å gi opp. Det vart ikkje den lange visitten sidan ho var så dårleg. Så eg får ta meg ein ny besøkstur seinare i veka.
__________________________

An Odessa hat knitted in Alpacca yarn on needle# 3,5mm.
__________________________

Desse sokkane vart strikka til Lillian som takk for hjelpa med invitasjonane til bryllaupet vårt. Ho ønska seg eit par sokkar som takk, og det har tatt litt tid før eg orka å strikke raggsokkar. ;) Men her er dei og dei er på veg i posten til deg, Lillian! Håpar dei passar!

_________________________

A pair of socks knitted for Lillian who helped me with our wedding invitations.

søndag 25. januar 2009

Babysjal/ Babyscarf

Ei veninne har bestilt eit sjal til sonen sin på 8mnd. Så då var det berre til å strikke. ;) Sender det i posten i morgon, Anette! Håpar Alfred kan bruke det.

Mønster: Litt frå Garnstudio og litt mitt eige
Garn: Baby Ull
Pinnenr.: 2,5mm
Mengde: 25gram
Storleik: 12/18mnd
___________________________
A friend of mine asked me if I could knit a scarf for her 8 months old son. So then I had to knit. The yarn is Baby wool and I used needle# 2,5mm.

Isskrapevott/ Icescrapemitten


Strikka denne isskrapevotten før jul, og skulle vere bursdagsgåve til ein svoger. Så har eg berre ikkje somla meg til å nålefilte og feste på isskrapa, men no er det gjort og den kan endeleg leverast. Litt seint sidan det er mildver her, men det kan jo endå bli kaldt. ;) Me er jo fortsatt berre i januar.
_____________________
I knitted this icescrapemitten before Christmas, and it's supposed to be a Birthday gift to a Brother-in-law. But it took awhile before I felted on the letters and connected the icescrape to the mitten. But now I'm finally done. ;)

lørdag 24. januar 2009

Svalestjert sjal/ Swallowtail Lace Shawl



Her er bilete av sjalet ferdig blokka. ;)

I januar på NSF var det Mysteriesjal along, då fekk me utdelt litt og litt av ei mønster i fire etappar. Det var Pillen som arrangerte dette og guida oss gjennom det. Sjalet me endte opp med å strikke var Swallowtail Lace Shawl designa av Evelyn Clark. Eg vart ferdig med mitt i gårkveld, men var litt trøtt då eg kom heim frå jobb i dag så eg fekk ikkje blokka det med ein gong som eg hadde tenkt. Men no ligg det strekt utover ei madrass og eg er superspent!! Dette er mitt første sjal strikka med fancy mønster, og det vert garantert ikkje det siste! Trykk på bileta så vert dei større.

Mønster: Swallowtail Lace Shawl, design: Evelyn Clark
Garn: Kauni
Pinnenr.: 4mm
Mengde: 91gram
_______________________________
My first shawl knitted in fancy pattern is done! I'm so proud!! The pattern is Swallowtail Lace Shawl designed by Evelyn Clark. Click on the pictures to enlarge them.

fredag 23. januar 2009

Babykjole/ Babydress


I år som i fjor er det mange babyar som er venta. Det er allereie tre som er fødd no i 2009. Så...då er det berre til å ta strikkepinnar og heklenål fatt og lage klede. Denne babykjolen får eg sjå kor skal ta vegen. Den vert nok ikkje liggande her i huset lenge. ;)
Mønster: Frå Garnstudio
Garn: Sandnes Alpakka
Heklenål: 3mm
Mengde: 206gram
Storleik: 12/18mnd
_____________________________________
Many babies are expected in 2009 as well. There are already three babies who are born in January. So..then I just have to knit and crochet. ;) This babydress is crocheted in an Alpacca yarn on needle# 3mm and I've used aprox. 206gram.

onsdag 14. januar 2009

Baby huer/ Baby hats

Dette året ser ikkje ut til å bli eit unntak,- fleire babyar er på veg. Så då er det berre til å strikke. Eg synes desse huene er fine som barselgåver og gjerne i lag med eit par sokkar som passar til.
Den blå og den rosa hua er strikka i Opal og Baby Ull, medan den blå/brune er strikka av Baby Ull. Alle tre huene er strikka på pinnenr. 2,5mm. Det gjekk med ca 22-23gram på kvar av dei.
Info om sokkane finn du i menyen under Sokker 2008.
__________________________________

This year is not an exception,- more babies are expecting. So...then I have to knit. I like these baby hats and love to knit them. And I think they are pretty nice to give away together with a pair of baby socks. The blue hat and the pink one are both knitted in Opal and Baby wool. The blue and brown one in only Baby wool. All three of them are knitted on needles# 2,5mm and I've used aprox 22-23 gram on each of them. Info about the babysocks you'll find in the menu under Sokker 2008.

mandag 12. januar 2009

La det snø hue/ Let it snow Hat

Januar hua i huealongen på HB er strikka. Mønsteret er Let it snow. Kjapp og artig hue å strikke! Eg har nok lyst til å strikke denne fleire gongar, så gjenstår det å sjå om eg faktisk gjer det. ;) Ingen fotograf til stades då eg skulle ta bilete av hua, så ein bakebolle gjer susen. ;)


Mønster: Let it snow
Garn: Smart
Pinnenr.: 4mm
Mengde: 45gram
_____________________________

The January Hat in the Hat along is done. The pattern is Let it snow. A quick and fun hat to knit.

Hue til mannfolk/ The Boy Hat


I årets huealong var det to mønster me kunne velge mellom. Eg strikka begge i gårkveld. Då eg var ferdig med Let it snow hua, spurde min kjære mann om eg kunne strikke ei hue til han,- og kva passa vel betre då enn The Boy Hat? :) Han er ikkje heime no når eg skulle ta bilete i dagslys, så då får ein bakebolle gjere nytten. ;)
Mønster: The Boy Hat
Garn: Peer Gynt
Pinnenr.: 4mm
Mengde: 46gram
________________________________

There were two patterns in the Hat along this month. I knitted them both yesterday. When I finnished the Let it snow hat my husband asked me if I could knit a hat for him. So then I just had to start on The Boy Hat. ;) He's not at home now when I wanted to take pictures in daylight so....

søndag 11. januar 2009

Sjal/ Scarf

Då er sjalet for januar i Hals og skjerfalongen på HB ferdig. Deilig og mjukt sjal!! Eg har ikkje dampa sjalet enno, var så ivrig etter å legge det ut. ;) Mønsteret fekk me på mail frå vertinna. Gler meg til neste mønster! :)

Garn: Sandnes Alpakka
Pinnenr.: 3,5mm
Mengde: 164gram
____________________

This is the January-scarf in the Neckwarmer and scarfalong. Looking forward to the February pattern! :)

fredag 9. januar 2009

Pi sokkar/socks



Då er årets første sokkar ferdige i Sokker 2009. Januarmønsteret var Pi sokkar, der mønsteret var bygd opp av det matematiske teiknet pi. ;) Artig, sånn sett, men eg trur eg er metta av sokkar etter innspurten eg hadde i slutten av 2008, det og at det var striper gjorde nok sitt til at desse vart litt ork å strikke. Det hjalp nok sikkert ikkje på at eg var sjuk den første helga i året heller, men, men... No er eg glad det er ei stund til 1.februar og nytt mønster,- satsar på at sokkegleda er tilbake til dess. ;)

Sokkane er strikka i Sisu og pinnenr. 3mm. Det gjekk med 52g. ;)

__________________________________

The first sock pattern of the year, in the Sock along 2009, is Pi socks. The idea behind the pattern is fun, but I guess I'm kind of tired of knitting socks after all the socks I knitted at the end of year 2008. ;) Now I'm happy there are some weeks before February 1st and a new pattern so I might think it's fun to knit socks again. ;)
The socks are knitted in a wool, sockyarn, called Sisu. I used needle# 3mm and 52g of yarn.

torsdag 1. januar 2009

Apesokkar/ Monkey socks


Desse sokkane vart ferdige i går og er Monkey sokkar. Desse sokkane var bonussokkane i april i Sokker 2008. Planen min var å strikke dei to bonuspara eg manglar og,- november og desember, men dei siste dagane i 2008 vart det ein del lange dagar på jobb, så planen min rauk litt. ;) Men, det gjer jo ingenting for det er ganske så kjekt og spennande på jobb. Så no droppar eg å strikke dei bonussokkane og gler meg til å starte på eit nytt strikkeår. Eg er i gang med å strikke ein tunika til meg sjølv og hekle ein babykjole til ei veninne som ventar baby. Elles er det alongane eg er med på, så eg har litt av kvart å ta meg til. ;)
Ynskjer alle eit riktig godt nytt år!!!
_____________________________________
I finished these socks yesterday, but didn't have time to blog them. These are the April bonussocks in the Sock KAL 2008. The pattern is called,- Monkey socks. I still have left to knit the bonussocks for November and December, but it's a new year now, so I don't think I will bother to knit them. I have started on a tunika for myself and a babydress for a friend of mine who's expecting. I'm also participating in different knit alongs this year, so there is plenty to knit and crochet. ;)
I wish you all a Happy New Year!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails