søndag 24. mai 2009

Hekla gensar/ Crocheted sweater

Endeleg har eg fått montert denne gensaren, som er ei forsinka gåve til ei niese. Mykje plukkarbeid med alle blomstrane. Men kjekt å sjå den ferdig. Nye bilete lagt til i dag 1.juni,- bles mykje i dag. ;)
Mønster: Frå Sandnes Garn
Heklenål: 2,5mm
Garn: Mandarin Petit
Størrelse: 8år
Brukt: 300 gram
Viss du klikkar på biletet er det lettare å sjå korleis den ser ut.
________________________________

I've finally finnished this sweater. Size 8 yrs old.

lørdag 23. mai 2009

Dean Street Hat

Då er Mai-hua ferdig og eg er ajour med huealongen. Då er det berre mars/april sjalet i hals- og sjalalongen som må ferdigstillast. Eg var i grunn med i Sokker 2009 og, men sidan eg kun har strikka januarsokkane og dermed har februar, mars, april og mai igjen å strikke og juni er rett rundt hjørnet, kjenner eg at eg orkar ikkje å stresse med det. Så...dermed har eg meldt meg av den alongen og får heller hive meg på igjen til neste år. Det blir forhåpentlegvis eit år som er litt meir positivt enn dette har vore så langt. Men no smiler iallefall strikke- og heklemotivasjonen til meg igjen, så dette er kjekt. ;)
Ei kjekk hue å strikke. Den ender nok opp under juletreet til nokon vil eg tru. ;)

Mønster: Dean Street Hat (Ravelry)
Garn: Smart
Pinnenr.: 4 og 4,5mm
Brukt: 64gram
____________________________________

The Dean Street Hat was the May pattern in the Hat along. A nice and easy hat to knit. I guess it will end up under someones Christmas tree this year. ;)

fredag 22. mai 2009

Vaffel hue/ Waffle hat

Snille, søte Tittei gav meg ei utsetjing på april og maihuene i huealongen, ettersom eg heng etter i alle alongane no. Dette er aprilhua. Kjapp og grei å strikke. Strikka den i gårkveld.

Mønster: Waffle hat
Garn: Aran Print frå Crystal Palace Yarns
Pinnenr.: 5mm
Brukt: 45gram
____________________________

This is the Waffle hat which was the pattern in April in the hatalong. I've knitted mine in Aran Print from Crystal Palace Yarns.

torsdag 21. mai 2009

Maisjal/ May scarf

Eg heng litt etter i årets alongar pga ein del vonde ting som har skjedd i familien dette halvåret i tillegg til ein del jobbing. Så overskotet har latt vente på seg og motivasjonen har vore langt i frå på topp, men no begynner enkelte ting å kome litt på avstand og det er færre ting å måtte konsentrere seg om på ein gong... Så...kanskje eg er på veg tilbake i strikke-/hekleverda no? Det er lov å håpe...:)

Dette sjalet strikka eg i gårkveld og er maisjalet i Hals og sjalalongen. Utruleg kjekt å strikke!! Dette vert det garantert fleire av! På mønsteret visast sjalet med ei sånn hjartenål i tre,- nokon som veit kor ein får tak i slike??
Mønster: Dette fekk me på mail av vertinna i alongen
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 8mm og heklenål nr 3,5mm
Brukt: 21gram
___________________________________


This is the Mayshawl in the neckwarmer and scarf along. I love it and will definitely knit more of these!

Raggsokkar/ Socks

Dette paret er strikka i forsinka bursdagsgåve til ein svoger. Sokkeparet har vore ferdig i ein månad, men eg har ikkje somla meg til å feste trådar og kjøpe siste del av gåva. ;) Men, men...han skal få den så snart me møtast igjen.

Brukt: 129gram
Pinnenr.: 3,5mm
______________________________

A pair of socks knitted for a brother-in-law for his Birthday. They have been done for a month, but I still haven't weaved in the threads and bought the last part of his gift, but...eventually I will get it done. ;)

onsdag 20. mai 2009

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails