mandag 8. juni 2009

Selbustring

















Hehe...då har eg strikka ein slik ein i bursdagsgåve til ein kamerat. Han har ei svigerinne som er veldig flink til å kjøpe artige boksarar til seg i gåve. Då eg såg denne selbustringen i bloggen til Pixeline bestemte eg meg for at denne måtte eg jo berre strikke til han. Men...så har vel motet svikta litt før eg til slutt bestemte meg for at no måtte eg gjere det. Me fekk endeleg levert den i går og den slo svært godt an. ;) Hehe...

Mønster: Kjøpt hos Pixeline
Garn: Smart superwash
Pinnenr.: 3,5mm
Brukt: 70 gram

lørdag 6. juni 2009

Fleire sjal/ More scarfs

Då har eg endeleg fått tatt bilete av og blogga junisjalet,- det var i grunn ferdig i starten av veka, men eg har ikkje fått tid til å ta bilete og blogga det enno. Lange dagar på jobb. Eg begynte på sjalet då mannen min og eg reiste på ei avslappingshelg til Voss forrige helg, og i det eg var i gong med sjalet og såg korleis det vart angra eg litt på at eg ikkje hadde tatt med eit fleirfarga garn, men, men... Det vart som det vart. ;) Eg tok eit detalj bilete av sjalet og, men det vart visst for mange MB til at resize2mail kunne ordne det... Klikk på biletet for å forstørre dei.

Mønster: Fått på mail av vertinne
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr.: 3,5mm
Brukt: 79 gram


Sidan eg klarte å strikke maisjalet feil (eg strikka att og fram og det skulle strikkast rundt), har eg strikka eit nytt. Kjem garantert til å strikke fleire av desse! Eg har enno ikkje fått tak i sånn hjertenål til å ha på sjalet. Eg vart tipsa om at dei har på Mauds garn, men eg fann det ikkje på nettsida... Men...eg får leite litt til. ;)
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr.: 8mm og heklenål 3,5mm
Brukt: 18 gram
_______________________________
The one on top is the June scarf in the scarf along, and the one on the bottom is the May scarf. I'm looking for a heart pin in wood to put on the May scarf, but I haven't been able to find one yet. Click on the pictures to enlarge them.

mandag 1. juni 2009

Mars-april sjal/ March/April- scarf


I dag har eg fått montert mars-april sjalet
i Hals og sjal alongen. Så då er eg ajour. Juni-sjalet er snart ferdig, sidan me fekk mønsteret på fredag. ;) Eg brukar fortsatt av garnlageret mitt og har enno ikkje kjøpt eit nøste med garn i år... Det verste av alt er at det ikkje synast på lageret at eg har tatt nokre nøster... :( Så det kjem til å ta lang tid før eg kan kjøpe meg meir garn...
Klikk på bileta så vert dei større. Eg har og lagt ut litt nye bileter til innlegga under. Eg likar best når det er bileter ute i det fri, så no har eg endeleg fått ordna det. ;)

Mønster: Garnstudio
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr.: 3,5mm
Brukt: 130 gram
_______________________________
The March/April scarf in the Scarf along is finally done.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails