søndag 26. juli 2009

Babyjakke/ Babyjacket

Denne babyjakken har vore ferdigstrikka ei stund, men det har vore så travelt med besøk av tantebarn og åleine på jobb i to veker at tida har ikkje akkurat strukket til. Fargane kjem ikkje tydeleg fram, grønnfargen er heilt annleis i virkeligheten. Jakken er no på veg til Hønefoss til ein nyfødd liten krabat.
Klikk på bileta så vert dei større.
Mønster: Boka Myk Start
Garn: Merino Lammeull, Askeladden (Nøstebarn)
Pinnenr.: 3 og 3,5mm
Mengde: 125gram
___________________________________
This cute little babyjacket was knitted a while ago. The colours are beautiful in reality. Click on the pictures to enlarge them.

fredag 3. juli 2009

Englehuer/ Hats for Angels

I juni i huealongen på uformelt var englehuer eit av mønstra. Eg har strikka seks stykker :) Desse er kjekke å gi bort i barselgåver. Dei var ferdig 30.juni, men det har tatt litt tid å somle seg til å ta bilete og legge ut på nettet i dette fine veret.
Alle er strikka i BabyUll frå Gjestal. To er strikka på pinnenr. 2 og 2,5mm, og resten på pinnenr. 2,5 og 3mm. Brukt: 149gram. ________________________________
I've knitted six hats for babies, these are nice gifts for Baby showers.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails