torsdag 24. desember 2009

Fiskehue og GOD JUL/ Fish hat and Merry Christmas







No er det lenge sidan eg har vore innom bloggen min... Først var me utan pc i 2-3veker. Nå me då endeleg fekk den eine tilbake etter service, så slo lynet ned i telefonkabelen her borte i marka og kløyvde den i to. Det tok ei veke før den var oppe og gå igjen. Ikkje lenge etterpå rauk den eine pc'en igjen. Og nå me begge er i travle jobbar, så tok det litt tid før pc'ane vart leverte inn på service. Begge pc'ane er på service no, og i dag har eg lånt svigers sin pc slik at eg får litt nytt ut i bloggen.
Elles har eg lagt sjuk dei siste dagane. Eg var vekke frå jobb på tirsdag, kom meg på jobb i går, men i dag måtte eg berre kaste inn handkle og la andre ta seg av dei sjuke dyra ute på gardane og kjæledyra i heimane. Juletreet er ikkje pynta enno, men... skal sette i gong med det så snart eg er ferdig her på pc'en. Julefeiringa her i heimen startar først når mannen i huset er ferdig i fjøsen i kveld. Då skal me inn i nabostova til svigers. Så det vert koseleg.
Ønskjer alle ei riktig GOD JUL!!!!
Fiskehua vart strikka til ein liten kar som hadde bursdag i september. Synes desse er ganske artige!!
Garn: Smart
Mengde: 114gram
___________________________________
Then...Christmas is here. We haven't had any computers for over a month. Today we are borrowing my husband's parents computer, so I can update my blog. :) I've been sick the last couple of days, so I'm glad I'm not the one who are supposed to make dinne today.
This Fishhat was knitted for a little boy who turned 2 in September. I think these hats are quite funny! :)
Whising you all a Merry Christmas!!

Pulsvarmarar/ Wristwarmers


Eit par pulsvarmarar strikka i forsinka julegåve til ei svært god veninne. Desse vart avlevert i går. Ho har ønska seg dei ei stund, så då var det jo greit å gi dei i bursdagsgåve. Litt vanskeleg å sjå mønsteret, men det er ein del flettingar der. ;-)
Mønster: Frå Rauma
Garn: Inka Alpakka
Pinnenr: 2,5mm og heklenål 2mm
Mengde: 38gram
__________________________________
Wristwarmers knitted to a freind's Birthday.

Isskrapevottar/ Icesrapemittens


Fekk ånda over meg og fekk lyst å lage julegåver til dei to andre veterinærane på jobb og til assistentane. Så...då vart det isskrapevottar. Og det passa jo supert no sidan me faktisk har fått kvit jul!! Den lilla votten utan skrape har eg tenkt å beholde sjølv, den lyseblå har eg ikkje funne eigar til, men resten er til dei på jobb. Eg brukar vanlegvis å pynte med initialer, eit hjarte, snøkrystall el.l., men denne gongen rakk eg det ikkje, så desse får vere einsfarga. Biletet vart litt dårleg, så fargane lyg litt, men, men...
Garn: Diverse
Pinnenr: 6mm
Mengde: 417gram
_______________________________________
This year I decided to give each one at work, the other Veterinarians and the assistents, Christmaspresents. So...I've knitted an icescrapemitten to each one of them despite one who doesn't have a car. To her I've knitted something else as you can see on the picture below.

Tøflar



Firkanttøflane er strikka til den eine personen på jobb som ikkje kjører bil. :-) Ho var ikkje på jobb i går, så pakken ligg og ventar på henne i skapet.Dei andre tøflane var meint å vere ei julegåve, men så strikka eg dei i dobbelt garn av det grønne og slapp jo då opp for garn. Måtte lage dei då med kvit tå. Så...no ligg dei i tøflekista vår i gangen. :-)
Garn: Diverse
Mengde: 407gram

Sitteunderlag



Strikker som sagt for harde livet for å kome meg litt nedover i garnlageret. Så her har eg brukt mykje restegarn og strikka nokre sitteunderlag. Desse blir gode å ha til fjellturar og andre utfluktar.

Garn: Diverse tovbart
Pinnenr: 6 mm
Mengde: 663gram

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails