mandag 29. mars 2010

Rosa kjole/ A pink dress

Eit vennepar av oss fekk ei lita tulle på sjølvaste kvinnedagen, 8.mars. Så då var det å ta pinnane fart og strikke. Eg har fortsatt som mål i år og ikkje kjøpe garn, så dette er og frå garnlageret mitt. Kjolen er strikka i str 1-2 år. ;)
Mønster: Frå boka "Strikk til Nøstebarn"
Pinnenr: 3mm
Garn: Mandarin Petit
Mengde: 112gram
____________________________________
Some friends of us gave birth to a beautiful little babygirl on March 8th. The dress is size 1-2 yrs.

søndag 28. mars 2010

Prinsessekroner og tøflar/ Crowns for princesses and slippers


Ei veninne av meg såg dei prinsessekronene eg har strikka tidlegare og ønska seg eit sjølv som ho kunne ha i skibakken og eit til kvar av niesene sine. Så då var me på garnbutikken og kjøpte garn. Eg strikka og eit par tøflar til ho, då ho tidlegare har hinta om at ho trong eit par tøflar i huset sitt. ;) Så no er ho klar for bakken og jentene klare for våren!
Blomstrane er hekla i Mandarin Petit.
Mønster: Kronene frå Familien, og tøflane frå eit tema 14 eller 16 frå Sandnes.
Garn: Fritidsgarn
Pinnenr: 6mm
Mengde: 278gram
____________________________________
One of my best friends wanted a crown for herself to use when she is skiing, and she also wanted one for each one of her nieces. She has also talked about that she needs slippers in her house. ;)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails