lørdag 17. april 2010

Babyjakke/ Babyjacket

Ei veninne av meg fekk ein son 11.april. Ettersom dei ikkje visste kjønnet på førehand vart jakken strikka i nøytrale fargar. Det brune garnet er garn som var i den store kassen med garn som eg fekk frå søstra mi. Det er ei eldre utgåve av Dale Baby Ull, så då det nærma seg slutten skjønte eg at å finne nytt garn i same fargen var lite truleg. Heime hadde eg berre Dale Baby Ull i turkis og i gult, og frå kassen frå søstra mi, så då var eg innom garnstuen i Åsane og kjøpte eit nøste med off white. I går var eg innom garnbutikken i Knarvik og kjøpte knappar. Så no er den ferdig og klar til å bli levert. Så no er eg ferdig med babytøy for ei lita stund. ;)
Held på med to jakkar til meg sjølv, ein lang og ein kort. Og har elles ein del ting som er ferdige, men som manglar litt perler eller knappar. Så eg får sjå om eg får monteringsanda over meg.

Monster: Henta frå Garnstudio
Garn: Dale Baby Ull
Pinnenr: 2,5mm
Mengde 135 gram
_________________________________
A friend of mine gave birth to a son a few days ago, this jacket is for him.

tirsdag 13. april 2010

Sjal/ Shawl

Dette sjalet er strikka til svigermor og vart ferdig strikka for ei god stund sidan. Men før påske var eg ei veke i Finnmark på ferie, så var det travelt i påsken med besøk, vakt osv. Ein dag på jobb og så gjekk turen til England og kurs. Så først i går fekk eg lagt sjalet til blokking. Synes det vart kjempefint og gler meg til å overrekke det når dei kjem heim att frå ferie. Så håpar eg ho vert glad.

Mønster: Heartland Lace Shawl
Garn; Kitten Mohair
Pinnenr:
Mengde: 114 gram
________________________________
I have knitted this shawl for my mother-in-law. I love it and I hope she does too. ;)
The pattern is Heartland Lace Shawl.

mandag 5. april 2010

Tunika/ Tunic


Så er den endeleg ferdig! Starta på denne 31.12.2008, så har den blitt liggande ein periode før eg strikka litt til. Tok den fram igjen no når eg var i Kirkenes ein tur og har no gjort den ferdig. Den var ferdig på laurdag og i bruk på kvelden. Kjekt med nye klede. ;)
Kjenner eg er godt trøtt i dag. Hadde vakt i går frå kl 08 i går til kl 08 i dag. Starta med å måtte kjøre til klinikken pga keisersnitt på katt og på hund kl 08. Pluss ein del fleire pasientar der inne. Var heime igjen i 1730-tida etter ein svært travel dag der inne. Frukost kl 17 er ikkje akkurat å anbefale. Vondt i hovudet og kvalm, var det godt å legge seg på sofaen og kvile litt til tlf ringte kl 1930. Lamming på gang. Kjempespennande!! Eit stykke å kjøre, så var ikkje heime før 22. Kl 24 var det å kjøre til klinikken for å operere ein hund. Heime kl 0315 sove ein liten halvtime før tlf ringte igjen og det bar ut på nok ei lamming. Då eg kom heim att kl 0615 var det godt å vite at vakta mi var over om 1 time og 45 minutt. ;) Men kjempespennande!! Eg er jammen meg glad eg har den jobben eg har!
Så tilbake til tunikaen. Det minkar gradvis på garnlageret mitt. ;)

Mønster: Henta frå Familien 7/2008
Garn: Sandnes MiniAlpakka
Pinnenr: 2,5 og 3mm
Mengde: 446 gram
Fortsatt GOD PÅSKE!!!
________________________________________
Finally, I have finnished my tunic which I started on New Years Eve 2008. Knitted on it a bit then, and then again now when I visited my sister up north. It was all done on Saturday and in use Saturday evening.
HAPPY EASTER!!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails