mandag 28. juni 2010

Babysjal/ Babyscarf



Strikka dette sjalet for ei veninne for nokre veker sidan, men har ikkje somla meg til å legge det ut i bloggen enno. Mannen min sin pc har tatt seg ein pause, og min har ein tendens til å henge seg opp. Så det krev litt tolmod for å legge inn innlegg og for å kikke i andre sine bloggar... Men...no har eg ferie så då er vel tolmodet litt betre vil eg tru. ;)
Ferien starta ganske bra på fredag med at ei niese hadde vaska heile huset vårt medan eg var på jobb. Så herleg å starte ferien med nyvaska hus. Laurdag mjølka eg kyr morgon og kveld då husbonden var på ein dagsutflukt til Oslo (så får vi sjå om han synes det var verdt det når han sit og glipper med augo på traktoren i dag og presser rundballar... :) ). I gårkveld fekk me storveis besøk frå Finnmark. Eine søstra mi med mann og barn har kjørt ned hit på ferie. Utruleg kjekt å sjå dei att! Så no får me berre håpe på at veret ikkje vert slik det ser ut til å verte i dag, men at det heller held seg slik det var i går.
Sjalet vert sendt i posten ein av dei nærmaste dagane, Anette! Beklager at det har tatt litt tid. ;)

Mønster: Har slått saman litt ulike mønster til mitt eige
Garn: Dobbel lanett
Pinnenr: 3,5mm
Mengde: 46gram
____________________________________
I have just started on my vacation and hopefully I will be able to blog a little bit more. This scarf I have knitted for a friend of mine. She is expecting in October.

mandag 14. juni 2010

Restehuer/ Left over hats


Desse huene vart strikka for ei god stund sidan, men eg har ikkje vore i det voldsomme bloggehumøret i det siste. Fekk tatt bilete av dei i går. Det brune og petrol garnet er frå dei to flettejakkene eg har strikka. Det grøne frå flettegensaren eg strikka til mannen min. Min kjære mann har kapra den brune hua. Robin's Egg blue hat hamnar nok i ei gåve kasse.
Det er strålande sol her for tida, blå himmel, men ein del vind. Eg har to veker igjen på jobb så skal eg ha to veker med ferie. Det gler eg meg til.

Blomstrane på biletet har eg fått plukke frå svigermor sin nydelege Rododendron. Steintrolla er det ein kunde på jobb som har laga. Eg har operert hunden hennar to gongar, så då me var ferdige fekk me alle på jobb slike. Kjempesøte!!

Mønster: Robin's Egg Blue Hat den brune er fritt etter eige hovud :)
Garn: Alfa
Pinnenr: 6mm
Mengde: 57gram (brune) og 82 gram (petrol)
________________________________________
I had to use some left over yarn so I could do some quick knitting in between. I am working on four bigger projects at the same time, and hopefully I will finnish them one by one and be able to blog. I have not been the greatest blogger lately. ;)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails