tirsdag 30. november 2010

Isskrapevottar/julekalender/jul/ Icescrapemittens/Christmas calender/Christmas

Dette biletet vart litt merkeleg, men då fekk eg inn litt diverse ting. ;) Isskrapevottane er strikka på bestilling for ein kollega. Han bestilte 3 til herre og 3 til dame. Eg har strikka 6 av kvar (ein damevott har eg frå før, så den er ikkje med på biletet) så kan han velge kva av dei han vil ha. Resten vert nok i julegåver til ein avløysar og kona ++. Så då får eg sjå på jobb i dag kva av dei han helst vil ha. Det er til saman brukt 739 gram med garn.
Hin dagen mottok eg adventskalendar frå Iris. Eg var for sein på HB til å melde meg på årets runde og Iris var så hyggeleg å sende meg ein pm om me skulle vere adventskalendervenner, så det var jo veldig koseleg. Eg gler meg til å opne den første i morgon. Kjem nok eit innlegg kvar dag med spennande pakkar. ;)
Elles pynta eg litt til jul på søndag. Eg har aldri pynta så tidleg før, og er van med at det blir pynta 23.desember, og kun adventsstake fram til då. Synes jula varer litt kort då, så i år prøver eg ein ny vri, så viss ikkje eg blir lei av jula, så blir nok dette vår tradisjon. Pynter litt kvar helg fram til jul. Men...juletreet får ikkje kome inn i hus før 23. desember. ;) Dei flotte nissane har ei svigerinne strikka til oss.
__________________________________
I have knitted icescrapemittens for a colleague. He ordered 3 of each, but I have knitted some more so he can choose which colors he wants.
I recieved a wonderful package the other day from Iris. She is my adventcalender friend this year. I can't wait until tomorrow!
On Sunday I put out some of the Christmas decoration. I am not used to decorate before the 23rd of December, so this is so early. But I'm planning on decorating a little bit each weekend until the 23rd. But....the Christmas Tree has to stay outside until the 23rd. ;)
The beautiful Santas has a sister-in-law knitted for us.

mandag 29. november 2010

Kjøkkenklutar /Dish cloths

Det er alltid greit å strikke slike kjøkkenklutar. Veldig greit og enkelt prosjekt som krev ekstremt lite tankevirksomhet. :) Kjappe og så er dei veldig gode å bruke. Den lysaste blå er strikka i Tuva og pinnenr: 4,5mm, resten i Mandarin Petit og pinnenr: 3mm.
Til saman er det brukt 180 gram

Ønskjer alle ei fin veke!!
_____________________________________
I like these dish cloths, easy peasy to knit and great in use.
Wishing you all a nice week!!

søndag 28. november 2010

Julekuler

Så vart det visst Arne og Carlos sine julekuler på meg og. ;) Dei var artige å strikke så eg kjem nok til å strikke fleire, trur eg. Eg trudde eg hadde ein rest med mørk grønn Finull som eg kunne bruke til ei eller to kuler, men den gong ei. Så då vert dei kvite og raude.
Dei to øvste er strikka i Pt2 medan den nedste er strikka i Pt2 (raudt) og Tove (kvitt).

Mønster: Arne & Carlos julekuler
Garn: Pt2 og Tove
Pinnenr: 3mm
Mengde: 11gram kvit Pt2 og 10 gram raud Pt2, 6 gram Tove

lørdag 27. november 2010

Tøflar og nye bilete i innlegget under av kudressen :) / Slippers

Eit forsøk på å bruke av garnlageret. ;) Dei mørkegrøne er strikka i Eskimo, og tøflane vart tova litt ulikt, så den eine tøffelen måtte ein ekstra runde i maskina. Dei gule er strikka i Vamse og i barnestorleik. Foreløpig hamnar dei i gåvekassa, så får me sjå kor dei vert av seinare.
Det er uansett temmeleg kaldt her for tida, så tøflar er bra å ha.
I dag mottok eg adventskalendar i posten frå Iris,- gjett om eg gler meg til 1.desember!!
Eg har brukt 2nøster med Vamse og 4 nøster Eskimo.
_____________________________________
Two pairs of slippers for my giftbox, one for adults and one for a child.

tirsdag 23. november 2010

Kudress


27.11.2010: Har lagt inn nye bilete. :)
Denne har vore eit langt kapittel. Starta på den andre helga i september då me skulle til Seljord på Dyrsku'n. Strikka på den då me var på ferie i Tyrkia,- då strikka eg ferdig alt det einsfarga og den eine armen. Men når ein strikkar mønsteret på erma må ein følge med gitt. Så då eg var ferdig med ein arm tok eg fint pause i over ein månad. Etter det har eg tatt alt litt pø om pø og lovd meg sjølv at eg no skal måle vidden på erma i denne storleiken slik at eg neste gong ikkje treng strikke rundt og slepp den kjedelege monteringa med å sy/klippe/strikke og sy belegg... Eg strikka ein slik ein for nokre år sidan og, men eg trur jammen meg eg hadde fortrengt kor mykje arbeid det var. ;) Men bortsett frå det synes eg at dressen vart fin. ;) Den er no ferdig, har vore gjennom vaskemaskina og skal dampast og pakkast. Så skal den i posten til ei veninne som eg studerte på veterinærhøgskulen i lag med. Ho elskar kyr og så fekk ho ein son i september.

Mønster: Frå Dale 135 (trur eg)
Garn: Gjestal Baby Ull
Pinnenr: 2 og 2,5 mm
Mengde: 357 gram
Storleik: 12/18mnd
________________________________
A cow suit (?) knitted for a friend of mine who gave birth to a little boy in September.

lørdag 20. november 2010

The Boy Hat

Omsider ei oppdatering frå denne kanten. Eg må innrømme at det har gått svært treigt på strikkefronten dei siste månadane. Denne lua vart strikka i går til ein svoger og kom rykande fersk frå strikkepinnar og damping til han innpakka i bursdagspapir i går. ;) Eg er utruleg glad i dette mønsteret.
Mønster: The Boy Hat
Garn: Sandnes Garn Smart
Pinnenr: 4,5mm
Mengde: 77gram
___________________________________
Finally, an update from me. I have not been in the biggest knitting mood lately. I knitting this hat yesterday for a brother-in-law. I finnished it, wrapped it and gave it away. ;) I love this pattern.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails