tirsdag 21. desember 2010

Huer og gåver/ Hats and gifts

To The Boy Hats til. Desse er strikka i julegåver. Den raude er strikka i Smart og den mørke blå i Juvel. Begge med garn frå lageret. Strikkar litt i smug for tida til mannen min, så då blir det ikkje strikka så mykje på andre ting. Eg kan ikkje vise fram det som skal til han før på julaftan. Det er ikkje så veldig spennande, men eg vil tru han blir fornøyd. ;) Det har til saman gått med 90 gram på desse to. Det kjedelege er at eg oppdaga desse altfor seint. Dei er utsolgt!! :( Då eg skreiv epost til dei får eg vite at dei ikkje kjem til å produsere nye før langt uti 2011, mest sannsynleg ikkje før til neste jul... :( Men, men...eg skal følge tidlig med til neste år, så kanskje det kan bli neste julegåve til min kjære mann. Det hadde vore så artig og kunne åpne nyefjøsen og servere slike til alle som kom... Men, men....
Sjå alle dei flotte kalendergåvene eg har fått frå Iris! 9. fekk eg mange svarte knappar. 10. Ein pepperkake, til frå "lapp", 11. Eit nøste Fabel i flotte grønnfargar (dette har eg allereie begynt å strikke såvidt på eit par sokkar til meg sjølv av...). 12. Eit nøste lilla Pt Sumtra som eg kan strikke ein kjøkkenklut av,- oppdraget var å strikke den den dagen, men det gjekk litt dårleg sidan me var i 60 årsdag den dagen. ;) Skal nok strikke den i romjula eller på nyåret. 13. Pt2 til å strikke englar av. 14. Eit nøste til med Fabel. 15. Mønster på eit sjal som eg visst skal bruke Fabelnøsta til... obs... eg trur eg må strikke det sjalet av nokre andre nøster... ;) 16. Nydelege maskemarkørar som Iris har laga. 17. Eit nydeleg bilete så eg skal hive meg rundt å sy...Eg veit ikkje heilt om eg tør,- tenk om eg øydelegger det... 18. Ulike ting til å lage maskemarkørar av. Spennande. Det har eg ikkje gjort før. 19. Eit nøste Alpakka i ein nydeleg lillafarge,- til å strikke pulsvarmarar av. 20. Perler til å lage maskemarkørar av. 21. Eit stoffhjarte som Iris har sydd.

fredag 17. desember 2010

Flower Basket Shawl

Eg har strikka mitt første Flower Basket shawl. Eg må innrømme at det er lenge sidan eg har hekla sjal no, det er ikkje så mange fine hekla mønster som det er med strikka mønster. Av strikka sjal er det eit hav av mønster å leite i. Det vert nok ikkje mitt siste Flower Basket, tenke eg. Fargane kjem ikkje heilt til sin rett på desse bileta...
Som de ser har me fått snø igjen. Hurra! Og sidan desse bileta er det kome meir, det snødde i heile går, så min kjære mann var ute og brøyta i heile går og i heile natt. Eg håpar denne snøen vert liggande slik at vi får ei kvit jul og min kjære mann kan få sove litt.
I går var eg i Pepperkakebyen for første gong. Imponerande arbeid!
Mønster: Flower Basket Shawl eller frå ravelry
Garn: Idena Mohair Lux
Pinnenr: 5mm
Mengde: 100gram

Anbefaler alle å gå innom her for å sjekke at ikkje dine julegåver ligg hos posten fordi mottakar ikkje har blitt funnen.
________________________________
My first Flower Basket Shawl and we have got snow again!! Crossing my fingers for a white Christmas.

torsdag 16. desember 2010

Huer/ Hats

Eg har strikka to av huene i går og ei på morgonen i dag. Desse skal bli julegåver, men aner ikkje kven som skal få kva enno. Strikka av litt ulikt restegarn, som rubin, smart, karisma og juvel, men mest av rubin. Eg har ikkje rukke å vege dei enno, men skal legge inn vekta i kveld. ;)
Ha ein fin dag!
______________________
These are Christmas presents.

mandag 13. desember 2010

Hello Kitty :)

Litt meir Hello Kitty. Synes desse var så søte og passa godt i lag med sitteunderlaga. Denne vert og under juletreet i år. Hua er strikka i Karisma, men eg hadde berre nok til eit øyre. Så øyra er strikka i dobbel Baby Ull, medan sløyfa i Fritidsgarn. Sløyfa er festa med ei sikkerhetsnål slik at den kan takast av ved vask og ikkje bli tova. Eg rakk den opp att ein gong då den vart altfor stor til ei lita jente, men no håpar eg og trur eg at den skal passe bra. Det gjekk med eit nøste Karisma, 6 gram Baby Ull og 6 gram Fritidsgarn. Strikka hua med pinnenr: 3 og 3,5mm. Eg fann mønsteret her, men har endra ein del på den for å få fasongen slik eg ville ha den og mtp at eg strikka i eit anna garn. Og så har eg nok ein gong gløymd å ta bilete av adventskalendergåvene,- så eg får prøve å legge ut ei lita oppsamling i morgon. ;) Ha ein fin kveld!
_________________________
I have knitted a Hello Kitty hat for a niece for Christmas.

søndag 12. desember 2010

Hello Kitty

To Hello Kitty sitteunderlag. Strikka desse for ei stund sidan, men så fann eg ikkje filtenålene og dermed tok det litt tid før eg fekk kjøpt nye og fekk nålefilta på auge, nase og følehår. Eg var veldig spent då eg tova dei, for eg har brukt mange ulike garntypar frå lageret. Men jammen meg tova alt heilt likt og vart den forma det skulle. Litt kan nok vere for at eg strikka dei med to trådar av to ulike garntypar, men den eine garntypen gjekk igjen gjennom heile. Bortsett frå den eine kor det er enkel tråd Cortina i starten og deretter to trådar av ulike andre typar vidare. Det har til saman gått med 380 gram med garn frå lageret. Det rosa er brukt Fritidsgarn. No skal vi avgårde i 60 årsdag.
Ha ein fin 3. søndag i advent alle saman!!
__________________________________
I think these are so cute. One goes in my gift box and the other one are wrapped and will be underneath a Christmas tree this year.

lørdag 11. desember 2010

Bronte's mitts again

Dette mønsteret falt eg verkeleg for. Passar så utruleg bra med lace sjala. Desse er til sjalet i innlegget under. Blir garantert fleire av desse. Eg har brukt 30 gram med Kitten Mohair og pinnenr: 3,5 og 4mm. Mønsteret er fortsatt Bronte's mitts som du finn link til i eit innlegg under.
Det regner og regner her, og dei 40 cm me ein gong hadde med snø er snart borte. I følge vermeldingane skal det visst snu om igjen i kveld eller tidleg i morgon tidleg, så då kan det fort bli glatt.
___________________________
I admit it, I fell for this pattern. These mitts look so great together with the Lace Shawls. These go together with the Lace shawl below. I have used 30 grams of Kitten Mohair and needle# 3,5 and 4mm. The pattern is still Bronte's mitts.
We had 40 cm of snow these last couple of days, but yesterday it started to rain and now we do not have much left. It is supposed to get colder tonight, so I guess it will be icy tomorrow.

fredag 10. desember 2010

Nok eit laceshawl/ Another Lace shawl

Nok eit 198 yds of Heaven. Desse er kjappe å strikke og blir fine mønster. Eg strikkar ein ekstra av chart 1, elles synes eg det vert for lite. Strikka i Kitten Mohair, pinnenr: 5mm. Det gjekk med 62 gram med garn. Jobbar meg gradvis gjennom garnlageret. ;)
Me hadde 40cm med snø i går. I dag er det typisk Vestlandsver med regn og snøen smeltar. Ingen julekortstemning lenger... :( Håpar det kjem litt meir snø før jul og blir kaldt igjen slik at me får ei kvit jul. Eg har heilt glømt å ta bilete av kalendergåvene frå i dag og i går. Skal legge ut bilete av dei i morgon. ;)
___________________________
Another 198 yds of Heaven. This is a quick knit and a beautiful pattern. I knit an extra of chart 1 so it gets a little bigger. I have used Kitten Mohair yarn, needle # 5mm, and used 62 grams from my stash. We had 40cm of snow yesterday, but not anymore. Today it is a typical weather for the Western Coast, rain and warmer. Hopefully, it will get colder and we will have some more snow before Christmas Eve. I have totally forgotten to take pictures of the gifts I have recieved in my Advent Calender. I will blog about them tomorrow. ;)

torsdag 9. desember 2010

Bronte's mitts

Etter at eg hadde strikka swallowtail lace shawl, som du kan sjå her spurde eg inne på Hobbyboden om nokon visste om eit mønster på pulsvarmarar som kan passe til. Då vart eg tipsa av Iduns om desse, Bronte's mitts. Eg har brukt 28 gram på dei, og har no 2 gram igjen med Kauni etter to Swallowtail Lace shawls og eit par pulsvarmarar. Eg har brukt pinnenr.: 3 og 3,5mm. Eit nytt par er allereie på pinnane og skal matche eit anna sjal.
Siko og eg har vassa oss ein tur i snøen i dag og. Rakk berre eit bilete før batteriet i kamera var tom for straum. :( Det tok litt tid før Siko forstod at det var ein smule smartare å gå i mine fotspor enn å brøyte veg for meg. Men me kom oss no rundt beitet ganske anpusten kan ein seie... I dag har eg hengt opp meisebollar, så kjekt å sitte inne og sjå på kjøttmeisen som et medan Sotus (katten) ligg inne i senga si og søv vel uvitande om at det er mykje fugl rett utanfor nasetippen hans.
__________________________________
I have knitted a pair of Bronte's mitts to match the Swallowtail Lace Shawl I knitted earlier. After two Swallowtails and one pair of wristwarmers I now have 2 grams left of Kauni. I have started on another pair to match another shawl.
Our dog, Siko, and I have been walking in the snow today too. But I was only able to take one picture before the battery was out. :(

onsdag 8. desember 2010

Snø/ snow


Dei to øvste bileta her vart tekne då Siko og eg vassa på tur i snøen på søndag. Eg elskar slike vinterbilete og håpar me får ein like fin vinter denne gongen som me hadde forrige vinter.

Skimter du fuglane oppe til venstre i bjørketreet? Dette biletet er tatt for ein time sidan ut altandøra. Synes himmelen var heilt fantastisk flott og måtte ta litt bilete. Må nok gå og finne meisebollane i kveld og henge dei ut,- høgt oppe så Sotus (katten) ikkje får tak i fuglane.

I dag fekk eg eit mønster på kjøkkenhandkle til steikeovnsdøra i adventskalendaren frå Iris. Mønsteret har ho designa sjølv. Dei to nøsta med brun Mandarin petit fekk eg i går og i forgårs. Blir spennande å prøve dette etter at alle julegåvene er strikka ferdig. ;)
________________________________
I love the winter and taking pictures on a beautiful winter day. Can you see the birds on the third picture? The top two are taken on Sunday. The next two pictures are taken an hour ago. I recieved a pattern today in my Advent Calender from Iris. Looking forward to start on it.

tirsdag 7. desember 2010

Fleire julekuler

To julekuler til og eg trur nok ikkje det vert dei siste. :) Eg har ikkje kjøpt boka enno, men funne meg eit mønster og kikka litt på andre julekuler for å strikke mønster på dei. I går var eg innom Husfliden i by'n og fann Arne & Carlos si julekulebok og konkluderte i grunn med at eg ikkje treng kjøpe ho. Kjem nok berre til å strikke dei mønstra eg har funne og evt bruke litt selbuvott mønster osv på nokre. Det går ikkje mykje garn med på desse.
Eg fekk eit brunt nøste til med Mandarin petit i adventskalendaren i dag, så no er eg spent på kva plan Iris har med dei. ;) Ha ein fin tirsdagskveld!
_________________________________
I have knitted some more of these and they are not the last ones. ;) Have a nice Tuesday evening.

mandag 6. desember 2010

Hals/Neckwarmer


Eg fekk Drops Alpaca Boucle i adventskalendaren 2. og 3. desember. 4. desember fekk eg mønster på ein hals. Den har eg strikka no. Deilig og mjukt garn, men ikkje sånn "jippi, hurra, dette vil eg strikke mykje med"- følelse. ;) Men artig å ha prøvd.
I går fekk me bakt julekaker,- slag 2. Så viss me no skal gå for dei 7 så er det 5 igjen. ;)
Mønster: Frå Inspirerende Hobby, Molde
Garn: Drops Alpaca Boucle
Pinnenr 6mm
Mengde: 100gram

Her er og gåvene eg fekk 5. og 6. desember frå Iris. Lysene brant eg i går,- koseleg. Garnet er eg veldig spent på kva plan ho har med. Så får eg berre håpe og tru at Iris er fornøyd med adventskalendaren eg har laga til henne.
_______________________
I recieved two skeins of Drops Alpaca Boucle in my advent calender and also a pattern for a neckwarmer. I love the feeling of the yarn, but I didn't love knitting with it. ;) But it was fun trying and the neckwarmer is so soft.
The last two pictures are gifts I got in my advent calender today and yesterday.

søndag 5. desember 2010

Swallowtail Lace shawl og/and julestemning/ Christmas spirit

Det var ikkje enkelt å ta bilete i dag, men, men...prøver så godt eg kan. ;) Har strikka nok eit Swallowtail Lace Shawl, eg aner ikkje heilt kor dette skal enno og foreløpig hamnar det i gåveeska. Så får eg sjå. Det hadde snødd 15 cm i natt, så det var nydeleg utanfor. Siko og eg rusla oss ein tur i snøen rundt beitet, ganske tungt å gå i ubrøyta snø, men veldig kjekt. Eg har fått to lilla telys og noko lilla dekor steinar i julekalendaren, men har heilt gløymd å ta bilete. Legg ut bilete i morgon. ;)
Mønster: Swallowtail Lace Shawl
Garn: Kauni
Pinnenr: 4mm
Mengde: 100 gram
Eg har igjen 30 gram. Held det til pulsvarmarar?!? Nokon som har ein link til eit mønster som kan passe i lag med dette sjalet?
Ønskjer alle ein fin 2. søndag i advent!




________________________________

I have knitted another one of the Swallowtail Lace Shawl,- knitted in Kauni. I have about 30 grams left. Is that enough for wristwarmers?! Does anyone know about a pattern for wristwarmers to go with the shawl? Our dog and I went for a walk in the snow today, it had snowed about 6" tonight so it has been so beautiful outside.

lørdag 4. desember 2010

Odessa

Eg er veldig glad i dette huemønsteret og ender ofte opp med å strikke dette. Eg er liten i hovudet og strikkar ofte huer i min storleik og får dermed ofte høyre det av ei veninne at huene blir for små til henne. Så denne gongen har eg strikka hua litt ekstra stor. Så får eg håpe den passar til andre enn meg.
Mønster: Odessa
Garn: Viking Frøyagarn
Pinnenr: 3 og 3,5mm
Mengde: ca 50 gram
I adventskalendaren i går mottok eg eit nøste likt som det eg fekk den 2. I dag fekk eg eit mønster på ein hals til dette nydelege og mjuke garnet. I tillegg fekk eg ein flott maskemarkør som Iris har laga. Og maskemarkørar kan ein jo aldri få nok av.
No skal eg berre strikke ferdig eit sjal og blokke det, så er eg nok i gong med halsen. Gler meg til å prøve ut det flotte garnet.
___________________________________
I love this hat pattern,- Odessa. I have knitted this one in Viking Frøya. My head size is not the biggest one and one of my friends is always complaining that the hats I have knitted fit my head and not hers. So this one I have knitted too big for me.
Yesterday, I recieved another Alpaca Boucle yarn in my Christmas calender from Iris. Today I recieved a pattern to go with it and a stitch marker,- you can never have too many of those. I will start on the new pattern this evening right after I have finnished off a shawl I am knitting on.

torsdag 2. desember 2010

Monsterbukse/ Cranky pants

Denne har vore ferdig lenge, men det tok litt tid før eg orka å sette i gong med montering... I dag er den gjort ferdig. Eg viser berre baksida, ettersom framsida er heilt lik, berre utan ansiktet. Synes desse er skikkeleg festlege og kjem nok til å strikke fleire framover. Eg har brukt litt ulike mønster. Buksa er strikka i str 4 år og i Sandnes Smart. Pinnenr: 3,5mm og det har gått med 280 gram med garn. Håpar barnet som skal få denne og synes den er like artig. ;)

Eg har og opna pakke nr. 2 i kalendaren min frå Iris, og har motatt dette flotte og spennande garnet.
________________________________________
My first cranky pants, but not my last ones. I have also opened another present today in my Christmas calender from Iris. I recieved a skein of soft and beautiful alpaca yarn.

onsdag 1. desember 2010

Bella's mittens og/and julekalendergåve/ Christmas calender gift

I dag har eg opna den første luke i adventskalendaren min. Eg har fått adventskalendar av Iris.
Ho har laga eit hjarte av perler til meg som eg kan ha som pynt i ei blomsterpotte,- og det gjer den no. Litt vanskeleg å få fram fargane. Elles har eg strikka eit nytt par med Bella's mittens til ei veninne som hadde bursdag for 1,5 veker sidan. Dei skal leverast om eit par timar. Eg strikka ei ekstra flette etter tommelen for å få dei litt lenger.
Mønster: Bella's mittens
Garn: Dobbel tråd Kitten Mohair
Mengde: 78 gram
Pinnenr: 5mm
_____________________________
A pair of Bella's mittens for a friend's Birthday. I have also opened my first present in my Christmas calender from Iris, a beautiful ornament for my flower.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails