fredag 21. januar 2011

Stjernejakke og gje vekk/ My jacket and a give away

Så var omsider denne ferdig. Starta på den 25.12 og strikka ferdig bolen 1. og 2. juledag. 27. og 28. jobba eg, og 29. måtte eg jo starte på hjartekjolen. Så denne jakken har blitt litt nedprioritert. Eg innser at den vert litt for liten og at eg heretter må strikke figurstrikka jakkar, slik at eg kan strikke i S i livet og auke ut til M oppe, for S eller M heile vegen blir heilt feil. Denne er strikka i S og eg meiner den er for liten, for knappane spriker for mykje når eg brukar den. Anten får eg bruke den open, eller så får veninna mi nyte godt av den og så får eg evt strikke meg ei ny. Eg synes fargen er kjempefin,- og biletet nedst til venstre gjengir nok fargekombinasjonen best. Jakken er strikka i Alfa og det har gått med 596 gram med garn. 256 av dei er strikka etter jul. Så då vart det strikka 11,276 gram med garn i 2010. Så får eg ha som mål å strikke meir enn det i år. ;)
Strikka med pinnenr. 7,- angrar på at eg ikkje strikka med pinnenr 8, sjølv om eg trur neppe det hadde gjort den store forskjellen. Mønsteret er henta frå Sandnes ung mix, tema 18.
I dag oppdaga eg plutseleg at eg har passert 20.000 unike besøkande på bloggen,- så gøy!! Tusen takk til alle som kikkar innom! I den anledning må jo eg og ha ein liten gje vekk. Kva premien vert enno veit eg ikkje, men skriv om du vil ha garn eller om du ønskjer noko heimelaga, så kan både dei som strikkar og dei som ikkje strikkar vere med.
1 lodd dersom du skriv ein kommentar til innlegget
1 lodd dersom du linkar til denne,- bruk biletet oppe til høgre i bloggen.
Det er ingen ekstra lodd om du vel å legge deg til som følgar eller om du legg meg til i blogglista di, men veldig koseleg om du gjer det. ;)
Skriv i kommentaren kor mange lodd du tar. ;)
___________________________________
I have finally finnished my jacket, and I realize it might be too small. I have been looking so much forward to use it, so now I am kind of sad. Maybe my friend will be the one to wear it.
I realized today that I have had over 20.000 unique visitors on my blog, and to celebrate that I have to have a give away. :)

torsdag 20. januar 2011

Babytøflar og gåver/ Baby booties and gifts

Først av alt,- Tusen, tusen takk for alle dei koselege kommentarane på kjolen min i innlegget under. Det set eg utruleg stor pris på!
Det poppar ut med gutar overalt føler eg. Eg har strikka desse babytøflane som kvar av dei skal vere i lag med ei av desse huene. Kjekt mønster å strikke og artig å prøve noko anna.
Mønster: Saartje's bootees
Pinnenr: 3mm
Garn: Gjestal Baby Ull, Drops Alpakka og DSA Alpakka
Mengde: 26gram
____________________________
Most of my friends give birth to baby boys at the moment. I have used the pattern Saartje's bootees.

Eg har heilt gløymd å legge ut bilete av dei siste gåvene i adventskalendaren frå Iris. Den 22. fekk eg eit nøste med Føn,- det har eg ikkje prøvd før. 23. fekk eg gullblondebånd. 24. to nøster med deilig, mjuk Drops baby merino. Tusen takk, Iris!!
For ei tid tilbake dukka det opp ei koseleg gåve i postkassen, nemleg muffinshua som Mimouna har strikka. Eg kommenterte på eit innlegg og ho trakk ut ein vinnar som fekk den i posten. Kjempesøt! Tusen takk!! Anbefaler å ta ein tur innom bloggen hennar!! Ho strikkar dei herlegaste tippehønene. ;)
I dag dukka det opp nok ei gåve, den hadde eg heilt gløymd, så eg forstod særdeles lite. ;) Men då eg las på lappen som fulgte med skjønte eg jo kor den kom i frå. Denne vann eg hos Mariefriis på same måten som i mimouna sin blogg. Tusen takk!! Alltid kjekt med slike overraskingar. Anbefaler ein tur innom hennar blogg og.
Ha ein fin dag alle saman!!
____________________________________
Gifts I have recieved the last month. Three of the gifts (you may see the numbertags) are the last three gifts in my Advent Calender. The two others are give away gifts from Mimouna and Mariefriis.

lørdag 15. januar 2011

Hjertekjolen min/ My beautiful dress

Åååå, det var surt og kaldt å ta bilete ute i dag. Denne starta eg på 29.12.2010 og eg strikka ferdig sjølve kjolen før nyttår. Armane vart strikka på nyåret. Skjørtet og beltet er strikka i str S, men eg auka ut til str M oppe. Første gongen strikka eg S i lengde oppe, og innsåg at det vart for lite, tok opp att ned til halsfelling og strikka lenger. Maska saman på skuldrene, prøvde på og innsåg at det ikkje vart fint med underarmane. I går rakk eg opp att ned til avfelling til ermene og strikka nokre cm lenger før eg felte av til erme og strikka opp att. Maska saman og var nøgd. ;) Halsen vart strikka og armane sydd i. Kl 19 var kjolen dampa og klar og kl 20 fekk me venner på besøk for å feire bursdagen til min kjære. ;) Eg strikka skjørtet litt kortare, då eg ikkje er så lang, og det same med armane. Gler meg til å bruke den resten av helga til feiringar. ;)
Mønster: Hjertekjole
Pinnenr: 3, 4 og 4,5mm
Garn: Drops Delight, Drops Kid Silk og Drops Cotton Viscose
Mengde: 447 gram derav 347 gram strikka i 2010 og 100 gram i 2011
_______________________________
Finally, the dress is finnished. I weaved in all the ends and blocked it at 7 pm yesterday, and at 8 pm our guests arrived. My husband's Birthday is on Monday and we are celebrating this weekend. Friends yesterday and family tomorrow. The skirt is size S and the top size M. I have also knitted the skirt and arms a little shorter since I am quite short.
It is windy and freezing cold today for a photoshoot outside. ;)

torsdag 13. januar 2011

Babytøflar/baby booties

Eg rakk å ta bilete før skumringa la seg godt over gavlen. ;) Som du ser så snør det ute, snøflaka legg seg fint på babytøflane. Desse er gåve, i lag med nokre huer eg har strikka tidligare, til ei veninne som fekk tvillingar i november. Eg har aldri strikka desse tøflane før, men synes dei var ganske fine. Forhåpentlegvis får eg strikka ferdig hjartekjolen i kveld og kan blogge den i morgon. ;)
Mønster: Strikkede babystøvler
Garn: Askeladen Merino-Lammeuld (3 ply)
Pinnenr: 3mm
Mengde: 61 gram
_______________________________
As you can see it is snowing outside, and I managed to take pictures before the dark. These baby booties are knitted for a friend who gave birth to twins in November. Right now I am knitting a dress for myself, and, hopefully, I will finnish it tonight and blog it tomorrow.

tirsdag 11. januar 2011

Bronte's mitts again

Eg har blitt veldig glad i dette mønsteret og har fortsatt nokre skrive ned på planen. Kjappe å strikke og så utruleg fine. Tok biletet før eg hadde blokka dei, men, men... Håpar mottakar vert fornøyd. Eg har brukt 30 gram med Kitten Mohair og pinnenr: 3,5 og 4mm. Eg strikka desse på laurdag. Tips om oppskrift fekk eg frå Hudamå.
På dei eg har strikka før har eg repetert chart A 9 gongar etter tommel og chart B 12 gongar. På desse gjorde eg slik mønsteret sa og repeterte chart A fleire gongar til ønska lengde, som då vart 12 gongar og chart B 9 gongar som det står i mønsteret. Eg synes dei vart finast med fleire repitisjonar av chart B enn av chart A, så eg kjem nok til å gjere det vidare.
I år har me fått tilbake det ordentlege Vestlandsvinterveret,- veit ikkje heilt om eg er nøgd med det. Tenk om me hadde fått ein slik vinter som me hadde sist då snøen låg på bakken frå desember til mars? I år er det snø nokre dagar, så snur det om, vert mildt og regn og is. No snør det igjen ute etter mykje regn i går, så får me sjå kor lenge den varer.

Takk for alle koselege kommentarar på innlegga!!
__________________________
I really like this pattern. They are a quick knit and so beautiful. The picture was taken before blocking. I have used 30 grams of Kitten Mohair needle size 3,5 and 4 mm and knitted them on Saturday. I hope the reciever will like them as much as I do.

søndag 9. januar 2011

Haruni



Omsider eit innlegg frå denne kanten. Godt nyttår til alle. I romjula har eg strikka på hjertekjolen frå Drops og stjernejakken frå Sandnes. Begge prosjekta har lagt i ei veke no, det er kun montering att på begge....og akkurat no er eg ikkje akkurat motivert for montering.
Den siste veka før jul strikka eg 3 par raggsokkar i smug til mannen min. ;) Men raggsokkar er litt kjedeleg å blogge, så dei har ikkje komen inn her.
Men dei siste dagane har eg strikka nok eit Haruni. Så får eg sjå kor det hamnar. ;) Starta på det 5. januar og ferdig 7. Synes dette mønsteret er veldig fint. Og det vart fint med Kitten Mohair. Var litt skeptisk då eg starta på pinnenr 4mm. Rakk opp att og starta på pinnenr: 3,5mm. Synes det vart ein del finare då. Har brukt 107 gram frå lageret mitt og 348,3meter garn. ;) Dette vert eit bidrag til 11 shawls 2011, Gavealongen og Ingen Bønn.
_________________________________
My contribution to 11 shawls 2011. I love this pattern.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails