fredag 25. mars 2011

Puffekjole til ei nydeleg jente


Då kan eg endeleg legge ut kjolen her. ;) Det er ei stund sidan eg starta på denne. Eg kjøpte garnet, som svigerinna mi betalte mesteparten av, starta å strikke og det gjekk ganske radig. Då eg var ferdig med skjørtet trong eg ein pause frå kjolen og strikka Plain and simple til meg sjølv.
Det nærma seg at bursdagsbarnet, ei herleg niese på 10, skulle kome sørover i vinterferien sin og då måtte jo kjolen vere klar. Fletta og livet vart strikka ferdig og kjolen montert. Knappar innkjøpt og bånd bestilt, men så kom aldri båndet og så fekk eg omgangssjuka. Så kjolen vart ikkje ferdig den gongen. Svigerinna mi kjøpte eit bånd eg kunne bruke dersom eg ikkje skulle få tak i dei andre. Heldigvis vart ikkje kjolen ferdig den gongen, for i mellomtida var ei anna niese innom og me prøvde kjolen på henne og skjønte straks at kjolen ikkje kom til å passe til bursdagsbarnet. Kjolen vart strikka etter alle mål i str 12 år. Men ermehola var svært trange, livet for smalt og skjørtet syntes me kunne vere litt lenger så kan ho ha den litt lenger. Så då var det å rekke opp att livet og rekke opp att skjørtet frå fletta. Eg strikka fletta lenger og la opp masker langs fletta til str S, men auka ikkje ut som til str S og felte deretter av i ermehola og hals/nakke slik at eg fekk maskeantal som til str 12 år. Eg strikka ermehola 2cm lenger enn oppskrifta sa. Rakk opp att fellinga i skjørtet og strikka det ein 5 cm lenger. Forrige fredag gjekk kjolen i vaskemaskina på 30 grader ullvask, og kom ut att lettare tova!!!! UÆH!!!! Gjett om eg var fortvila då?!?! Men...med litt strekking i våt tilstand syns eg det såg ut til at eg fekk redda situasjonen, men eg kom jo ikkje til å få vite det heilt før jenta hadde prøvde den på. I oppskrifta er heil lengde 75 cm, men eg fekk strekt den til ca 84, og fekk strekt i livet og ermehola. Den vart ein del mindre puffete og flettene noko smalare enn originalen. Forrige søndag sydde eg på bånda,- garnbutikken min fekk ikkje tak i bånda, så eg brukte bånda som svigerinna mi kjøpte. Det vart veldig fint! Kjolen gjorde seg veldig med bånda på. Det vart det vesle ekstra.
Onsdag gjekk kjolen i posten i retning Atløy og i går ringte ei glad jente og takka for kjolen. Det gjer ei tante glad! :)
Kjolen er strikka i det nye Dale Royal Alpakka, eit kjempemjukt og godt garn, men på parti der ein gjerne ikkje ser så mykje på strikketøyet, så delte garnet seg litt lett. I tillegg var det i ein del nøster, ikkje garnskøyter, men knute på tråden, rett og slett. Men elles eit bra garn!
Mønster: Puffekjolen frå Tine Solheim (Dalehefte)
Garn: Dale Royal Alpakka
Pinnenr: 3,5mm og heklenål nr 3,5
Mengde: 526 gram
__________________________________
Finally, I can show off the beautiful dress I knitted for a great niece! You will find more info on my Ravelry project page.

torsdag 24. mars 2011

Bronte's mitts #4


Eit par pulsvarmarar som eg strikka ferdig i dag. Desse skal passe i lag med sjalet i innlegget under og går i gåveboksen. Eg synes dette mønsteret er utruleg fint, og det vert nok ikkje dei siste eg strikkar, men eg kjenner no at eg har lyst til å strikke nokre andre pulsvarmarar,- det er jo så mange fine mønster der ute. I kveld har eg starta på fleire tøflar.
Mønster: Det same som før :)
Garn: Kitten Mohair (begynner å minke no... ;) )
Pinnenr: 3,5 og 4mm
Mengde: 30 gram

I dag har eg vore ein tur på fjellet. Fekk ei lita snøbyge medan eg gjekk der, fekk tatt nye bilete av sjalet i innlegget under og litt bilete av naturen. Ikkje så lett å få tatt ordentleg klare bilete ettersom det snøa litt. Vel heime igjen har eg fått baka 7 brød(!!), strikka ferdig pulsvarmarane og laga ein enkel middag. No skal eg slappe av medan bonden er på møte i den nye gensaren sin.
_______________________________
I have finnished my 4th pair of Bronte's mitts today. I love this pattern and this is not going to be my last pair, but I do think I am going to knit a pair of some other wristwarmers/mitts now. There are so many beautiful patterns out there. Tonight I have started on a new pair of slippers. Earlier today I went hiking and took some new pics of the shawl below and some landscape pics,- it was snowing a little so not the best pictures. After I went hiking I have baked 7 breads (!!), finnished the mitts and made an easy dinner. Now I am going to relax and knit on the slippers while the farmer is on a meeting in his new sweater. ;)

onsdag 23. mars 2011

Almost 300 meters of Heaven


Nok eit 198 yds of heaven. Har strikka nokre av desse no. Måtte ta nye bileter i dag (24.03.2011) då eg var på fjellet ein tur. ;) Strikka dette for ei god stund sidan, men har berre ikkje somla meg til å hente liggeunderlaga mine og blokke det i stova. Men...i går somla eg meg til slutt opp trappene å fekk henta dei. Så...no hamnar det i gåvekassen. Sjølve hovudmønsteret skal i utgangspunktet strikkast 2,5 gongar, eg synes sjalet vert litt kort då, så på dei andre har eg stort sett strikka 3,5 gongar. På dette har eg strikka det 4,5 gongar.
Mønster: 198 yds of heaven (du finn link i ein av dei andre innlegga :) )
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 5mm
Mengde: 92 gram - 299,5 meter

Dette er mitt andre bidrag i 11 shawls in 2011 på Ravelry.
Eg vart litt bitt av brødbakebasillen min i går, så i dag har eg handla inn mykje forskjellig mjøl, så får me sjå kor tid eg vert lei... ;)
______________________________________
Another 198 yds of heaven. I do not know how many of these I have knitted, but I guess it is time to start on some other patterns. ;) The mainpattern is supposed to be repeated 2,5 times, but I do think they get a little too short. The other ones I have knitted I have repeated the pattern about 3,5 times, on this one I repeated it 4,5 times. It will be a part of my giftbox. ;)

tirsdag 22. mars 2011

Tøflar/ slippers

Begynner å innsjå at ein del av dei tova tøflane er moden for utskifting. Me har ei gammal kiste i gangen med mange tova tøflar i, til meg sjølv og til gjester som frys på beina,- eit gammalt hus er golvkaldt. Så når eg ser at fleire og fleire begynner å få hol rundt omkring, så er det vel gjerne på tide med litt fornying. Til bursdagen min var eg så heldig å få eit par tøflar frå tre veninner som den eine hadde strikka,- dei kan du sjå her. Kjekt med eit nytt par i kista. Så...no er eg i gang med prosjekt tøflefornying. ;) Dette er første paret. Dei er strikka i eskimo, hekla kant på toppen og hekla pynt,- den vart litt utståande etter toving. Men...eskimo tova finare denne gongen enn det gjorde på dei forrige tøflane eg strikka. På dei forrige vart dei svært ulikt tova og den eine tøffelen måtte fleire gongar i maskina.
No har mannen renska lyr som me har fått av svigers,- eg skal lage mine første fiskekaker til middag!!! Spennande! Satsar på at ein del kan frysast ned og. Samtidig står brøddeigen til heving og eg har vore på fjellet på tur, klarte det i strålande solskinn, og det hølja ned då eg var komen heim att. Så no er det litt middagslaging, avslapping og baking før eg skal inn på jobb ein tur.

Mønster: I mitt eige hovud. ;)
Pinnenr: 7mm
Garn: Drops eskimo
Mengde 200 gram
________________________________
I have knitted a new pair of slippers. I have figured out that I have to get rid of some of the slippers we have, and make some new ones. These are the first pair.
Today, I have been hiking in beautiful sunshine. Right now I am baking bread and getting ready to cook dinner before I am going to work.

mandag 21. mars 2011

Vottar og award/ Mittens and an award

På formiddag i dag har eg strikka eit par vottar. Kjapt og greit med pinnenr. 10. :) Eg starta med pinnenr 9, men innser at eg strikkar for stramt og måtte då i gang med # 10. Kjappe og fine vottar.
Dei to siste vekene har vore travle, med feiring av min 6. 25 årsdag den 12.mars (vart 30 den 1.) og bryllupsfeiring til eine besteveninna mi den 19., med talar, album og biletframvisning frå våre 28 år som veninner, så tar ting litt tid. I går var det avslapping heile dagen, og i dag kosar eg meg med strikking og litt klesvask ++.
Det regnar ute og ladar visst opp til ein ein flom, så vi går våte tider i møte.


Mønster: Frå garnstudio
Garn: Drops Eskimo
Pinnenr: 10mm
Mengde: 118 gram


Eg mottok denne awarden frå Mona Kristin med bloggen Fjellbua. Tusen takk!! Til vanleg brukar eg ikkje å legge inn awardar lenger, men akkurat denne synes eg var så koseleg at eg vil vidaresende den.
Liebster Blog ♥ award skal giast vidare til 5 bloggarar med mindre enn 100 følgere, på den måten kan fleire oppdage kor mange flotte bloggar som fins rundt omkring.
Dei eg vil gje den vidare til er:
Ei god veninne frå studietida som strikkar og heklar mykje fint og skriv utruleg godt. Mange fine bilete av både handlaga ting, dyra og elles dagleglivet.
Ei dame eg har fulgt med i fleire år no. Alltid like kjekt å vere innom bloggen hennar, hente inspirasjon og berre nyte alt det flotte ho tryllar fram.
Ein koseleg blogg å følge. Mykje flott handarbeid i lag med mange flotte loppisfunn.
Liv lagar utruleg mykje fint og tar mange fine bilete. Ein blogg eg ofte er innom og henter inspirasjon og berre nyt dei flotte tinga ho lagar.
Her er det mykje flott å finne. Ho tryllar fram dei vakraste tinga og det er mykje inspirasjon å hente. Eg finn stadigvekk ting som eg må putte på "to do"-lista mi.
Ei herleg dame med ein herleg blogg! Mange koselege innlegg om såvel strikkeprosjekt som om det daglege livet. Den herlege sonen og den gode mannen. Ein blir glad av å vere innom bloggen til Vibbedille.
TUSEN TAKK FOR ALLE KOSELEGE KOMMENTARAR PÅ MARIUS/MOODS GENSAREN I INNLEGGET UNDER!! SET UTRULEG STOR PRIS PÅ DET!!

tirsdag 15. mars 2011

Marius meets Moods. ;)

Då har eg vore med på Ski VM strikk,- kjempeartig! Eg strikka gensar til mannen min. Slo saman to Mariusgensar oppskrifter, slik at eg fekk den med rundsal. Fann eit mønster på nettet med moods traktorar på, endra litt på dette mønsteret slik at det vart så likt Marius som mulig. I tillegg strikka eg Mariuskryssa på armen slik at det ikkje vart så lange trådar på kvar omgang. Eg gjekk tom for garn heilt på slutten, men heldigvis er det super service hos strikkenett, så då kom det manglande nøstet kjapt i posten. Takk for strålande service!
Gensaren vart ferdig på søndag, og er snart på veg i vaskemaskina så skal min kjære få ta den i bruk.
Mønster: Slått saman to ulike i Sandnes Tema 15, og mønster med moodstraktorane
Pinnenr: 3,5 og 4mm
Garn: Drops Karisma
Mengde: 773 gram
Meir info på Ravelrysida.
__________________________________
I have knitted this sweater for my husband.

mandag 7. mars 2011

Tårer/ tears


Såg denne hua strikka i ein annan blogg og fann ut eg ville prøve meg på den. Synes den er fin, men blir nok ikkje eit favorittmønster. Strikka den ein del lenger enn mønsteret tilsa, då eg er ganske kort i hovudet og eg synes den vart litt finare sånn. Den havner i gåvekassen.
Mønster: Tears of bronze
Pinnenr: 3 og 3,5mm
Garn: Drops Alpaca
Mengde: 45gram
__________________________
Tears of bronze. I like the pattern, but it won't be my favorite.

tirsdag 1. mars 2011

Plain and simple

Denne er definitivt ein favoritt! :) Det er ei stund sidan den var ferdig og eg har brukt den ein del allerede, men det tok litt tid før eg fekk min kjære mann til å ta bilete for meg. Synes den vart litt åpen i halsen så eg vurderer å flytte den eine knappen på sjølve halsen over på skulderdelen så den blir litt tettare.
Mønster: Plain and simple
Garn: Drops Alpaca
Mengde: 300gram
Pinnenr: 3 og 3,5mm
_____________________________
I love this one! And have already used it a bit before my husband helped me with the photoshoot. ;) The pattern is Plain and simple.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails