lørdag 30. april 2011

Vottar/ Mittens

Strikka desse før eg reiste til Bolivia, men tonnet med trådar som skulle festast vart ikkje gjort før i går kveld. Desse er skikkeleg restegarnsvottar, med miks av tove og finull. Har tenkt å strikke nokre slike vottar som kan ligge her i skuffene når niesene og nevøane våre kjem på besøk og manglar vottar. ;)
Mønster: Desse vart til etter kvart
Garn: Tove og Finull
Pinnenr: 4mm
Mengde: 73 gram
______________________________
These mittens are knitted from left over yarn.

fredag 29. april 2011

Huer/ Hats

Desse huene strikka eg medan eg var i Bolivia, men har ikkje somla meg til å feste trådar og ta bilete før i dag. Det er nydeleg ver ute,- solsenga er tatt opp, vatn på plass og andre småprosjekt henta ut på terassen. Brøddeig står til heving og sola skal nytast.
Ser at det ikkje er så lett å sjå, men på den turkise er det ei flette i den eine sida.
Mønster: Begge vart til etter kvart.
Garn: Drops Alpaca
Pinnenr: 4mm (det var den eg hadde med meg av små pinnar. ;) ).
Mengde: Til saman 70 gram på desse to.
_______________________________
Two hats I knitted while I was in Bolivia.

mandag 25. april 2011

Giga sjal og Pay-it-forward

Dette er mitt tredje bidrag til 11 shawls in 2011 på ravelry. Garnet og mønsteret fekk eg i PIF (Pay it Forward) gåve frå Umulie. Eit kjempespennande garn eg aldri har prøvd! Eg måtte jo strikke sjalet som ho hadde gitt meg mønster på,- og det vart svært!! No skal det seiast at eg strikka ei ekstra holrad til slutt for å få avslutta med rosa, men den eine holrada utgjorde ikkje så mykje. Eg brukte eit liggeunderlag, og det rakk ikkje på breidden og måtte dermed hente ned eit til. Dette blir varmt og godt til kalde haustkveldar på terassen, så eg kan tulle meg godt inn i det, eller i vinterkulda når eg kan surre det fleire gongar rundt halsen.

Mønster: Sjal med hullmønster (Familien 2/2011)
Garn: Evilla kunstgarn 8/2
Pinnenr: 5mm
Mengde: 180gram og 720,9meter

Har du lyst på ei spennande gåve i posten? Då gjer du følgande:


  1. Meld deg på ved å skrive ein kommentar under dette innlegget,- dei tre første er med.

  2. Så får du ei overrasking i posten av meg!


  3. Deretter skal du sende gåve til tre som blir med hos deg.


  4. Du vel sjølv kva du vil gje.

Dersom dette høyrdes spennande ut skriv du ein kommentar i innlegget under,- dei tre første får ei overrasking i posten frå meg.

torsdag 21. april 2011

Siste bilete frå Bolivia

Ei Cholitadame som sat og tigga ved Kristusstatuen.

Utsikt over Cochabamba.

Takk til desse som bidrog til at eg kunne ta med meg så mykje alpakkagarn heim til Noreg. ;)

Veninna mi, Elsa, og eg i La Paz. ;) Takk for eit fantastisk fint opphold i Bolivia!!

onsdag 20. april 2011

Bolivia

Då er det nokre dagar sidan eg kom heim frå ein fantastisk flott tur i Bolivia!! Eg var der til saman i 14 heile dagar og fekk sett utruleg mykje. Eg skal prøve å legge ut nokre bilete i morgon og. Forrige helg (7.-10.april) la me turen mot La Paz, Copacabana, Titicaca sjøen og Isla Del Sol. Utruleg flott, men kaldt! Denne helga var me mellom 3600 og 4000 m.o.h. og i kontrast til Cochabamba der me var nedi ein dal på 2500 m, var det ein smule kaldare. I Cochabamba var det varmt og godt og skikkeleg sommartemperatur for ein nordbuar som meg, sjølv om vinteren var i emning der. Solte meg med faktor 30 og vart likevel brun og litt solbrent enkelte stader. ;)

Dette biletet er tatt på Isla Del Sol. Ein utruleg nydeleg plass! Sjøen som ligg der så fin og blå er Titicaca sjøen.
Utsikt over delar av La Paz.
Veninna mi jobbar på DNS (Den Norske Skulen) i Cochabamba og misjonen har ein fin ferieplass litt lenger ute på landet. Her er det eit lite basseng og mange flotte frukttre. ;)
Delar av eit fruktmarked nedi i byen ved politistasjonen.
Kristusstatuen sett frå politistasjonen.

Eg har opplevd og sett utruleg mykje, samtidig som eg har fått slappa mykje av, nytt sola og det å vere langt vekke frå alt kjas og mas. Ein dag besøkte me ein barneheim og helste på barna der, ein annan dag var eg med på Barnas Dag der barn med bl.a. Downs syndrom hadde oppvisning av ein dans. Utruleg herlege ungar! Endå er det slik i Bolivia at desse barna vil ikkje foreldra vite av, slik at det er søsken, tanter/onklar eller besteforeldre som skriv dei inn på skulen (det er to skular i byen som har klassar for desse barna), eller tar dei med til lege eller sjukehus. Foreldra vil helst ikkje vise seg saman med dei. Barna var så skjønne! Mange som kom og spurde om ein kunne ta bilete osv. ;) Så herlege!



Eg har prøvd litt spennande mat som: Soupa de maní (peanøttsuppe), anticucho (kalvehjerte) og salteña.
Ein heilt fantastisk kjekk tur som anbefalast på det sterkaste!! :)

Ha ein kjempefin dag alle saman og ein flott påske!

mandag 4. april 2011

Cochabamba, Bolivia

I dette innlegget blir det ingen bilder, men kanskje eg får lagt inn enkelte når eg er tilbake i Noreg. ;) Onsdag 30.mars la eg turen mot Cochabamba i Bolivia. Sekken var lada med strikketøy, hekletøy, ei bok om fotografering med speilrefleks, ei vanleg humoristisk-treng-ikkje-tenkje-bok, ei digibok (Unni Lindell, mørkemannen, som eg lånte av ei veninne før eg reiste til flyplassen) og så var eg så heldig å finne igjen mp3 spelaren min som eg la musikk innpå for sikkert 4-5 år sidan. ;) Så...turen burde gå bra. Etter forsinkelsar, lange flygningar (lengste på 14 timar), testa nervøsitet (Sør Amerika er verkeleg eit kontinent der klokka tydeligvis ikkje er noko som mange har på armen eller følger), nye bekjentskap og mista bagasje kom eg omsider fram til Cochabamba og fekk treffe veninna mi. Eg kom fram torsdagkveld og endeleg i går fekk eg henta bagasjen, berre for å oppdage at delar av den er stjelt!!!! Det er jo berre ting, men kjedeleg når det er klede som er favoritt og som ein veit at ein aldri kjem til å få tak i igjen. Men, men...får anmelde det og gi beskjed til forsikringsselskapet.
Bortsett frå ein smule uflaks på vegen er Cochabamba og Bolivia absolutt eit land å anbefale!! Men eg er veldig glad for at eg besøker ei som kan spansk, for mine små spansk gloser som "si", "no" og "hola" kjem ein jammen meg ikkje langt med. ;) Og engelsk er ikkje noko som mange snakkar her.
Det er sol og varme her. Eg har fått handla ein del Fotrama alpakkaull på fabrikken. Dei klarte å trekke kortet mitt to gongar, men dei oppdaga det heldigvis sjølve, så i dag skal vi tilbake dit og ordne det. :) Det vert nok sikkert uansett meir garn som må handlast vil eg tru. Litt sightseeing har det blitt og,- utruleg mykje flott å sjå! Crazy køyring i trafikken, flotte områder på landsbygda og mykje fint å sjå i byen her. Eit herleg folkeslag og eit flott land!
Veninna mi er på jobb no, klokka er 0850 her (1450 heime), så om 6 timar har eg litt selskap igjen. I mellomtida skal eg kikke litt på nettet, strikke litt og sole meg.
Ha ein fin dag og ei fin veke alle saman!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails