lørdag 14. januar 2012

Eco Hat and Fingerless Mittens


Først av alt må eg seie TUSEN, TUSEN TAKK for alle koselege og rørande kommentarar
på forrige innlegg. Det var litt skummelt å legge ut noko som eg har designa sjølv
og som eg hadde så dårlege bilete av. Men det varma stort med alle dei gode kommentarane frå dykk! Tusen takk!! Eg kjem nok til å legge ut begge mønstra ein gong,
men må berre finne motivasjon til å reinskrive dei og så finne teststrikkarar osv. ;)
Så tilbake til innlegget.
Eg har vore så utruleg heldig å få teststrikke to flotte mønster frå vår alles
Hua over heiter Eco Hat.
Mi er strikka i Nepal på pinnenr 4 og 6mm. 6mm rett og slett fordi eg ikkje fann 5,5mm, og så strikkar eg litt stramt. Garnbutikken var tom for rosa blomstrar, så eg må sjå om eg evt skal skifte knapp på hua. Det gjekk med 132 gram Nepal.

Eg fekk mønsteret rett før eg for på styremøte på jobb på mandagaen, så eg fekk starta tysdagmorgon og strikka litt på kvelden igjen etter jobb, før den var fullført torsdag kveld.
Nydeleg mønster!!

Bitta Mikkelborg har og laga mønster på matchande pulsvarmarar,- Eco Fingerless Mittens.
Eg hadde ikkje nok brun Nepal, så då vart desse i den lillafargen i Nepal som
eg er blitt utruleg glad i! Og...det betyr jo at eg må strikke fleire slik at det blir
to matchande sett. ;) Litt vanskeleg å få fram den flotte lillafargen i dette lyset, men, men...

Her har det gått med 106gram Nepal og dei er strikka på pinnenr 4 og 5mm.
Nydeleg mønster dette og!! Har planer om å strikke fleire, ja!
Desse vart strikka mesteparten på på torsdag. På fredag vart siste vrangborda strikka og begge tomlane. Trådar festa og knappar sydd på i dag.

Begge mønstra vert lagt ut for sal hos Strikk Innom når
Bitta er heilt ferdig med dei,-
så "løp og kjøp". ;)

fredag 13. januar 2012

Mitt eige mønster :) / My own pattern :)


For ei stund sidan vart ei god veninne av meg 30. Ho ønska seg lange sokkar til bursdagen.
Eg strevde med å finne eit mønster som eg følte var akkurat slik ho ville ha
det, så...eg designa mønster sjølv. Eg føler sjølv dei vart litt korte til ho.
Men ho sjølv er fornøyd, så då bør vel eg vere fornøyd og...?!
Det er litt vanskeleg å få fram flettemønsteret på baksida,
men det er fletter bak og hjarter foran.
Sokkane er strikka i str 36, og det er mine bein i str 38 og ein smule tjukkare
leggar enn ho som poserer med sokkane på her, så dei
ser forhåpentlegvis litt betre ut på henne. Brettekanten kan ein velge
om ein vil ha bretta eller ikkje.
Mønsteret er som sagt mitt eige, så får eg sjå om eg legg det ut etterkvart.
Dei er strikka i Fabel på pinnenr 2,5mm og eg brukte 120 gram.


Veninna mi ønska seg og eit par matchande pulsvarmarar til jul så då måtte eg jo designe det og. ;)
Veldig artig. Her har det gått med 30gram Fabel på pinnenr 2,5mm.
Det har ikkje vore det beste veret dei siste månadane til å ta bilete ute, så eg håpar på å få tatt
nye bilete ein gong hos veninna mi så mønsteret kjem litt tydelegare fram.
Viss du klikker på bileta vert dei større.
Ønskjer alle ei kjempefin helg!!

tirsdag 3. januar 2012

Kjøkkenklut og raggsokkar

Godt nyttår alle saman!!
Håpar alle hadde ei fin feiring.
Biletet over her er av ein kjøkkenklut som
Pludrehanne fekk i adventskalendaren sin.
Føn er utruleg mjukt og godt garn.
Som vanleg er det brukt eit nøste garn.
I starten av oktober starta eg eit lite prosjekt om å strikke så mange sokkar
som eg klarte til mannen min før jul. Det vart fem par sokkar
til han, eit par til ein svoger, eit par til svigerfar
og eit par knesokkar til ei veninne (det har eg ikkje lagt ut bilete av enno).
Så det vart ei lita samling. No minkar det på raggegarnet, og eg trur mannen
har sokkar ei stund framover.
Til saman gjekk det med 694g garn!!

Ønskjer alle eit kreativt og godt nyttår!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails