mandag 27. februar 2012

Baby born

No i februar vart ei niese 8 år og ønska seg
utstyr til dukka si.
Eg har kosa meg med å strikke tre ulike sett til dukka.
Det rosa settet består av gensar, bukse og sokkar.
Det blå av bluse, truse og skjørt.
Det lilla av kjole og cape.
Til saman har det gått med 372 gram garn
og 12 knappar.
Viss du klikker på biletet vert det større.
Modellen er dukka til eine storesøstra mi,
som eg trur eg har vore så "snill" og dekorert
med sminke ein gong eg var lita....
_____________________________
I have knitted three sets of baby born clothes for a niece
who turned eight in the middle of February.

søndag 26. februar 2012

Juneberry triangle

Ei god veninne hadde bursdag i starten av januar,
men tid, sjukdom og diverse har gjort det til at me ikkje
har klart å møtes før no. Så i går fekk ho endeleg bursdagsgåva si.
Til jul fekk ho denne og denne, og sjalet er strikka i same
farge slik at dei kan brukast i lag.
Hue og pulsvarmarar er strikka i nepal,
medan sjalet er strikka i drops alpakka.
Heldigvis var same fargen å oppdrive
i begge dei garntypane.
Garn: Drops Alpakka
Pinnenr: 5mm
Mengde: 116 gram
Juneberry Triangle er designa av
Jared Flood som og har designa
Sjalet er og eit bidrag til
12 sjal i 2012.
__________________________________
Juneberry triangle knitted for a friend of mine.

torsdag 16. februar 2012

Spiderman!!! :)

Ei god kollega av meg mista mor si i fjor etter mange år med kreft. For nokre månadar sidan var statusen hennar på facebook at sonen hennar sakna mormora si så mykje for kven skulle strikke spiderman og kaptein sabeltann gensarar til han no? Eg vart utruleg lei meg då eg las det og tenkte, vel...eg kan ikkje vere mormor, men eg kan strikke.


På tysdag vart guten 5 år, og i går fekk eg overrakt jakken til kollegaen min, og i gårkveld mottok eg bilete på epost av sonen med jakken på. ;) Ein glad gut på biletet over. (Bileta av guten er vist med tillatelse frå mora). For første gong har eg prøvd meg på intarsia,- utruleg kjekt!! Begge spiderman ansikta er strikka vha intarsia. Ein smule utfordrande var det då eg hadde to blå nøster, fire svarte, tre raude og to kvite på same tida,- tunga beint i munnen då, ja, men ein utruleg kjekk måte å strikke på. For meir info kan du ta ein kikk her (ravelry).
Pinnenr: 3,5 og 4mm
Garn: Rubin
Mengde: 438 gram
_____________________________________
I knitted this spiderman jacket for a colleague´s son.
For more information visit my ravelry page.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails