tirsdag 19. juni 2012

Baby Converse #4 og #5


Desse to para med Baby Converse er bestillingshekling
for ei som skal gje dei vekk i barselgåver.


Kvart av para veg 39gram.
Eg har brukt heklenål
# 2, 3 og 4mm


Eit par i mørkeblått og eit i raudt.
Mønster finn du her.


 Elles har eg mange WIP (work in progress)
for tida.
Eg har litt for mange store prosjekt som
til tider er vanskelege å fullføre.
I tillegg til ein del andre ting som dessverre stel tid og tankar.
Ønskjer alle ei fin veke!!


søndag 3. juni 2012

Little Miss Spring Anklets #2


Desse var ferdig 30.mai, men det tok jammen meg litt tid
å få tatt bilete og legge dei ut.
Ettersom dei forrige eg strikka i WM Twin,
farge Turkise Markise vart for store til meg,
måtte eg jo strikke eit nytt par.
No har eg strikka 9 par ankelsokkar og har eit frå før,
men nokre av desse vert nok bursdags- og julegåver, tenkjer eg.
Men ein del av dei skal eg ha sjølv og.
Ribb og hel på den første sokken starta eg på 20.mai,
og hadde tenkt dei skulle bli Little Miss Summer.
Då eg skulle starte på foten oppdaga eg at ribben på summer
var ulik ribben på spring.
Eg hadde berre tenkt i mitt eige vesle hovud at ribben
på alle dei fire sokkane var like, men det var dei ikkje.
Då vart desse lagt til sides. ;)
Dette mønsteret er og eit av dei fire som skal bli ei ebook.
Alle er designa av Bitta Mikkelborg,
og mønstra vert snart publiserte.
Klikk på biletet så vert det større.
Meir info og bilete på Ravelry.

Mønster
Garn: WM Twin, farge Magnolie Medium
Pinnenr: 2mm
Mengde: 64 gram

I går starta eg forresten på ei ny karriere. ;)
Tanta til min kjære mann var her og lærte meg å sy Hardangersaum.
Så no har eg starta på ein liten løpar og lært meg tre ulike sting.
Eg har arbeid ei stund før ho skal lære meg fleire sting på løparen.
Kjempespennande og kjekt!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails