søndag 30. desember 2012

VM gensar


Denne VM gensaren er strikka til ei niese til jul.
Str S i vidde og M i lengde.
Erma er like lange, sjølv om det ikkje ser slik ut på biletet.
Eg vart ikkje heilt fornøyd med glidelåsen,
men rakk ikkje å gjere noko med den før eg måtte pakke
gensaren inn og levere den.
Så dersom mottakar ønskjer at den skal ordnast
gjer eg det ved neste møte.
Litt stress vart det den siste veka, men det gjekk. ;)


Nærbilete av rosa.
Eg klarte først å strikke erma for lange og måtte
rekke opp att og strikke kilen på ny.
Kanten nedst festa eg og den såg grei ut før vask,
men etter vask var den heilt bulkete.
Den rekte eg opp att berre timar før gensaren måtte
leverast, og sydde den til på nytt.


Eg kom litt seint i gong med denne,
men starta på den 30.november og var i grunn ferdig
15. desember, men så måtte eg jo ta opp att kanten nede.
Så då vart det 16. ;)

Mønsteret er frå Dale
Pinnenr: 2,5 og 3mm
Garn: Sandnes garn Sisu
Mengde: 500 gram

Meir info på ravelrysida mi.

lørdag 29. desember 2012

Blonder i fleng


I år, som i fjor, har eg vore med på PIF
(Pay it Forward) på facebook.
I fjor mottok eg 2 av 5 pakkar, så eg er spent på dette året. ;)
Desse pulsvarmarane skal giast vekk i dag i lag med eit sett
med støvlettblonder (bilete og info under).
Det er den site gåva eg skal levere, 2 dagar før nyttårsafta. ;)
Desse flotte mønstra er designa av karipia.


Pinnenr: 2,5 og heklekroknr 2,5mm
Garn: Drops Baby Merino
Mengde: 34 gram

Alle lyslyktene har eg hekla med min nye clover heklekrok,
og eg innser etter å ha hekla blonden på desse med vanleg heklekrok at eg
må investere i fleire clover. Det var utruleg klønete
å hekle med vanleg heklekrok igjen.


Desse støvlettblondene har eg strikka to sett av.
Det eine paret var del av ei bursdagsgåve til ei svigerinne,
medan det andre er del av PIF gåva som eg skreiv om over.
Nok eit flott design frå karipia.


Garn: Drops Baby Merino
Pinnenr 2,5 mm og heklekrok 2,5mm
Mengde: 50 gram til kvart par.

fredag 28. desember 2012

10/52 Meredith Spring


Klikk på biletet så får du sjå mønsteret på sokkane betre.
Desse var eit av tre sokkepar som ei niese fekk til jul.
Rykande ferske frå pinnane på julaftan,
festa trådar, tok bilete, pakka inn og leverte. ;)
Eg er utruleg glad i dette mønsteret og kjem garantert til å strikke
eit par til meg sjølv og.
Det forrige paret eg strikka,
gav eg vekk til ei veninne i bursdagsgåve då
eg hadde strikka dei litt for korte til meg. ;)
Og dette er sjølvsagt og eit mønster designa

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 70 gram

torsdag 27. desember 2012

Hogwarts Express


Dette var nok ei julegåve til ei niese.
Her må du klikke på biletet for å få det større så du ser betre.
Vanskeleg å ta bilete av grått inne.
Ugler er jo veldig in har eg skjønt. ;)

Pinnenr: 4mm
Garn: Drops Merino Extra Fine
Mengde: 150 gram

onsdag 26. desember 2012

Perlestrikka hals og lue


Strikka eit sett i julegåve til ei niese.
Perlestrikka hals og flettelue med pelsdusk,
begge mønstra frå Marte Helgetun.


Litt detaljar frå hua.
Begge er strikka i Drops Lima
og det gjekk med 208 gram til saman,
i tillegg til 26 gram Drops Alpakka 
og ein pakke med refleksgarn på 25 meter.


Eg hekla ein brun kant rundt halsen og
sidan det vart brun dusk.
Ein del av bileta no rett før jul er tatt litt i hastverk
og på morgonen slik at utebileter ikkje var aktuelt.

tirsdag 25. desember 2012

Diverse julegåver



Ja, då er det 1. juledag. Alle pakkar er opna og det er ro i heimen.
Denne halsen i patentstrikk, finn du mønster på her.
Eg har strikka denne i Drops Alpakka og Drops Kid Silk
på pinnenr 8mm.


Det gjekk med 115 gram Drops Alpakka
og 47 gram Kid Silk.


Desse to sitteunderlaga strikka eg i adventkalendargåve til ei veninne.
Eg har skrive ned mønsteret ein stad og skal legge det ut snart.
Dei vart strikka litt på måfå og eg var ganske spent då eg tok dei
ut av vaskemaskina, men det gjekk bra og eg vart fornøyd. ;)


Det gjekk med ca 380 gram Eskimo til kvar av dei.

Denne ølvotten vart del av ei julegåve til ein kjær svoger i Kirkenes.
Eg skulle pynte litt på den før eg sendte den avgårde,
men i alt stresset med å få ferdig moods gensrar til sønene hans,
så strakk ikkje tida til.
Synes i grunn den vart litt stusseleg, så eg får sjå om eg ikkje
må prøve meg på ein ny til neste år. ;)
Denne er strikka i Østlandsgarn og det gjekk med 90 gram garn.
Eg synes sjølve handleddet vart litt langt på denne, så på neste
kjem eg til å korte ned litt.

Ønskjer alle ei fortsatt riktig GOD JUL og 
ein roleg og fin 1. juledag.

Denne konkurransen har eg utsett litt, så heng deg på om du vil.


mandag 24. desember 2012

Lyslykter og jul


Så var det jul!
Eg har fått hekla 11 lyslykter i gåver,
to av dei forsvann litt fort ut av huset i dag,
så dei manglar det bilete av.
Alle desse er hekla i Mandarin Petit og
det har til saman gått med 200 gram garn.
Dei er hekla på clover heklenål 3,5mm.
Eg er veldig fornøyd med den nye heklenåla mi. ;)

Eg vil med dette få ønskje alle som er innom ei
riktig GOD JUL!!

Her vart det faktisk kvit jul i år, snøen kom i dag og ligg
kvit og fin ute.

søndag 9. desember 2012

Marius meets moods #3


Klikk på biletet så vert det større og du ser fargane betre.
Dette er den tredje Marius Moods gensaren eg har strikka og eg trur det
er den kulaste mtp fargane. 
Vår yngste nevø er svært nøye på kva fargar han har på seg,
så eg var litt redd for å finne feile fargar, rett og slett fordi
eg ikkje har lyst til å strikke ein slik gensar og ende opp med at den blir
liggande i skapet. Så eg køyrde innom garnbutikken rett før eg skulle
på jobb ein dag. Tenkte oppi hovudet mitt heile tida at no må eg huske
å trekke sånn gratis parkeringslapp (med den kan ein stå gratis i tre timar).
I det eg parkerte kikka eg på klokka og registrerte at eg hadde dårleg tid
til eg skulle på jobb, gløymde parkeringslappen og sprang inn på
garnbutikken. Kjøpte litt ulike fargar og var maks innom der i 5 minutt.
For så å kome ut att til parkeringsbot!! Det vart ein dyr gensar, gitt...
Fargeprøvar vart sendt til Kirkenes og guten valgte kva fargar han ville ha.
Lilla gensar, grønt mønster og raudt opp mot halsen.
Eg bestilte nøster frå strikkenett og begynte på det lilla.
Då eg skulle starte på det grønne oppdaga eg at den grønne fargen
eg hadde kjøpt som fargeprøve var mykje finare enn den eg hadde
bestilt etterpå. Innfarginga var vidt forskjellig.
Eg tok ein sjanse og starta å strikke med den finaste, men oppdaga då eg begynte
å brodere traktorane at eg hadde absolutt ikkje nok.
Eg kontakta då fleire på ravelry som hadde den fargen i håp om at ein av
fargane stemte. 
Morgenfuglen sendte meg eit heilt nøste, medan robellas sendte meg ein liten prøve.
Kjempesnille menneske der ute i strikkeverda!!
Heldigvis kom nevøen vår på besøk og eg gav han nokre alternativ:
Anten kunne eg rekke opp att, noko eg var innstilt på, og strikke
med den andre grønnfargen, elles kunne eg brodere raude traktorar.
Me gjekk for raude traktorar.
Eg synes den vart kjempetøff! 
Så då håpar eg at han vert fornøyd på julaftan og! :)
Men Drops Muskat har ikkje blitt nokon favoritt etter dette.
Det blir lenge til eg strikkar med det igjen.
Garnet tvinna seg svært mykje, i tillegg til at det delte seg.

Meir info om gensaren finn du her.

Garn: Drops Muskat
Pinnenr: 2,5 og 4mm
Mengde: 610 gram

Ønskjer alle ein fin 2. søndag i advent!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails