lørdag 15. februar 2014

Adventskalendergåver


Jada, eg jobbar fortsatt med å få ut alt frå 2013.
Kvar gong eg ser gjennom albumet og prøver å samle i hop det eg kan legge ut i lag ser eg at "Oi, der var noko og, det hadde eg jo gløymd". Så det blir litt kollasje framover så eg får dei ut og kan starte på 2014. :)

Barndomsveninna mi, Jorunn, og eg har dei siste to åra laga adventskalendarar til kvarandre. Det er veldig koseleg. I 2013 laga eg store delar av gåvene til henne.
Adventslysa oppe til venstre er IKEA lys. Eg har kopiert tekst over på silkepapir og brukt varmluftspistol til å få det på lysa. 
Ho fekk ei lilla lyslykt og ei raud, men det er to bilete av kvar med og utan lys i.
Det gjekk med 20 gram mandarin petit til den raude og 20 gram Marks & Kattens Bianca (HUV garn) til den lilla lyslykta. Eg hekla ei heilt lik lilla lyslykt til meg sjølv og.
Dei raude glasbrikkene er hekla i Mandarin petit og kanten er London gull. Her bør eg eigentleg springe på loftet å hente fram nøsta for å finne ut nøyaktig kva eg brukte av kvar, men, ja, dei veg 42 gram til saman. :)
Dei kvite make-up remover padsa er hekla i Mandarin petit og det gjekk med 25 gram.
Tøflane og gryteunderlaga er strikka og hekla i Eskimo og tova i vaskemaskin. Det gjekk med 171 gram til tøflane og 81 gram til gryteunderlaga.

Ja, då nærmar eg meg, litt etter litt. :)

fredag 14. februar 2014

HUV strikk


Viss du ikkje veit kva HUV er, så kan du lese om det her.
I den same linken kan du og sjå kva garn eg fekk i mi HUV gåve.
Eg har strikka opp mesteparten av det eg fekk, men har ein del att som må leggast ut.
Det eg har lagt ut tidlegare kan du sjå her.
Klikk på biletet over så vert det større.
Som du ser av det flotte, grøne i bakgrunnen, så vart desse bileta tekne i august, vil eg tru.

Av det raude garnet (håndfarga garn), som eg no sjølvsagt ikkje hugsar kva er, vart det ein liten hekla blomst, ei hue og eit par pulsvarmarar. Og når eg i tillegg er så sløv at eg slutter å legge inn på ravelry eller skriv i notatboka mi når eg startar på ting, mønster, pinnenr, garn osv, så hugsar eg jo svært lite av det og.
Mønsteret til den raude hua er Bittas Nepalhat.
Blomst og pulsvarmarar hugsar eg ikkje, men det raude settet veg til saman 100 gram og alt det raude garnet er brukt opp.

Det gule garnet er Karisma Angora-Tweed frå Drops.
Mønsteret til den gule hua er Odessa.
I tillegg til hua vart det to blomstrar av det garnet.
Til saman er det brukt 50 gram og heile nøstet er brukt.

Det rosa garnet var og noko håndfarga garn og eg fekk tre nøster av det. 
250 gram gjekk med til eit sitteunderlag (har ikkje tatt bilete av det enno) og dei resterande 50 gramma gjekk til dei rosa pulsvarmarane du ser nede til høgre i biletet.
Mønsteret på desse er det same som eg har brukt her, her og her.
Desse er dog gjort litt enklare, med mindre blonder på (kun blonder mot fingrane) og så er det ikkje knappar på dei.

Ha ei strålande helg!
Her auser det ned med regn og bles i dag.

søndag 9. februar 2014

Mariustunika i tulliball


Då eg først fekk blogga gårsdagens innlegg, løsna bloggtørken og eg får forhåpentlegvis lagt ut alt som ligg her og venter litt etter litt. Sjølv om eg ikkje har blogga sidan september så ligg det no litt ferdige prosjekt her i tillegg til ting som er sendt avgårde, så eg må berre få samla alt litt etter litt så skal eg nok få ut resten frå 2013 før eg starter på 2014. :)

Denne tunikaen er eg kjempefornøgd med!
Klikk på biletet så vert det større.
Den er strikka i fantastiske tULLiBaLL.
Det lilla garnet, Ullent i fargen Pompøs, kjøpte eg på Oslotreffet i fjor.
Det gule, Ull & Tøys i fargen Ce(SO4)2 kjøpte eg på nett under ei oppdatering dei hadde.
Det grå, Ullent i fargen Hybelkanin, bytta eg med Margrethe (ravelry).

Heile tunikaen veg 304 gram.
Eg kjøpte 3 nøster med fargen Pompøs, og i følge ravelry skal dei vere på 100gram kvar, og då skal eg ha 26 gram igjen. men eg sit att med eit heilt nøste på 154gram + litt til...
Eg starta på den i juni på ein fagtur (busstur), og var vel ferdig med den i juli, men den låg til slutten av september før eg fekk somla meg til å feste trådar og hekle kantar rundt ermehola. :)
Bileta er og tekne før damping. 

tULLiBaLL er eit fantastisk godt garn å strikke med!
Meir info om tunikaen finn du her.

lørdag 8. februar 2014

Bitta sokkar og blogganbefaling



Det er jammen meg lenge sidan ei bloggoppdatering.
Eg bestemte meg for lenge sidan at eg skulle samle dei siste sokkane som eg teststrikka til boka i eit innlegg. Det har blitt utsatt og utsatt grunna så utruleg mykje som måtte oppdaterast på ravelry før eg fekk eg kunne legge dei inn. Fru Helianthus har purra på meg opp til fleire gongar,- "det er på tide med eit innlegg". No er det endeleg gjort. Eg innser at det ikkje kjem til å bli heilt som eg hadde tenkt og at eg linker til ravelry for fleire bilete og info i stadenfor. :)
Alle desse vart strikka i løpet av 2013.
Klikk på biletet så vert det større.

Dei to para med heilt raude sokkar er Ginas sokker, det eine er strikka i Ida Strømpegarn (80 gram), det andre i Pt5 (100gram). Det tredje paret med raude sokkar er 1913, strikka i fabel (80 gram). Det grøne paret er Yang´s, strikka i Arwetta (70 gram). 
Nedste rekke frå venstre: Yme, strikka i Sandnes Alpakka Strømpegarn (150 gram). Tøff(l)inger, strikka i Sisu og Silja (27 gram). Dei to siste para er Espen Askepott. Blått par strikka i Hifa garn (146 gram) og det siste paret strikka i Silja og Sisu (40 gram).

Viss du ikkje har kjøpt boka enno så bør du springe å kjøpe den over helga! :)
Bitta Mikkelborg - Sokker Strikking hele året.
Det er utruleg mange flotte sokkar i den boka for både nybegynnarar og for vidarekomne. Samstundes som det er ein unik mogelegheit til og kunne avansere, rett og slett fordi Bitta skriv utruleg flotte og detaljerte mønster som alle kan klare å følgje. Og dersom ein får problem undervegs og har spørsmål så har Bitta i tillegg ei flott facebook side der ein kan spør og dermed kan få hjelp undervegs.

Til slutt vil eg tipse om ei kjempeflott facebook-side og ein flott blogg!
Foreløpig er det mest bilete på facebook, men ta deg ein tur innom. Lik og del og løp og kjøp! :) Mange tøffe og fine toalettvesker, vesker, julesokkar osv. Det dukkar stadig opp nye ting der inne.
Anbefaler både facebookside og bloggen på det sterkaste!
Facebooksida kan du kome inn på sjølv om du ikkje har ei facebookside sjølv og. 

Puh! No er eg ferdig med det innlegget eg har utsett og utsett så no vert det forhåpentlegvis litt oftare innlegg på denne sida. ;)

Ha ei strålande helg!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails