søndag 6. april 2014

Mariusselekjolar


Eg strikka to søte Mariusselekjolar før jul til ei lita jente som vart fødd i september og ei som vart fødd i oktober. Jenta som vart fødd i september er datter til ei god studieveninne av meg som er produksjonsdyrveterinær og veldig glad i sauer. Det måtte jo då sjølvsagt bli saueknappar på hennar kjole. Jenta som vart fødd i oktober er søstra til barndomsveninna mi gjennom over 30 år, og er nesten som ei veslesyster for meg og. Hennar kjole vart med hjarteknappar på. Begge kjolane er strikka i Drops Lima, pinnenr 3 og 3,5mm og er strikka i storleik 1 år. Mønsteret er henta frå Marius strikkeboka. Kor mykje garn eg har brukt veit eg foreløpig ikkje då eg gløymde å vege dei før eg sendte dei i frå meg, så eg ventar på meldingar frå mødrene. :)
Begge er strikka i mørk lilla (ikkje alltid så lett å fotografere denne fargen), off white og gamalrosa.

I helga spelar eine nevøen min på 13 fotballcup.
Han held meg oppdatert på melding etter kvar kamp, så eg sit her og ser på telefonen jamnleg for å følge med! Dei er foreløpig komen til semifinalen og skal snart spele kamp igjen. Så utruleg kjekt! Stolt tante som sit nokre timar unna og heier. :)

I dag er det grått og disig og litt regn.
Søndagsmorgonane er mine i fjøsen, så mannen kan få sove lenge. Det er tungt å stå opp i sekstida på søndagen, men det er utruleg deilig når ein er kome seg i fjøsen.

Ha ein strålande søndag alle saman! :)
Og tusen takk til alle som kikkar innom og legg att ein kommentar.
Eg kjem straks på besøk tilbake. :)

lørdag 5. april 2014

Julegåver 2013


Ikkje mykje igjen no så håpar eg at eg kjem meg over i 2014. Eg trur eg har klart å samle resten av julegåvene her, pluss ei bestilling.
Øvst til venstre er Bella´s mittens strikka i dobbel Drops Alpaca. Desse var ei julegåve til ei niese i lag med FWSS hua øvst til høgre. Vottane er strikka ein fletterapport lenger etter tommelen, då dei elles vert litt korte. Det gjekk med 117 gram og dei er strikka på pinnenr 4,5mm.
FWSS hua til høgre er strikka med enkel tråd Drops Alpaca, pinnenr 3mm og her gjekk det med 52 gram. Det vart eit fint sett til ei flott niese på 16 som ønska seg vottar til jul.

Vesten vart til etter eg var på besøk hos ei veninne og datra hennar på 5 spurte meg: "Eg ser du har strikketøy i vesken din. E d te meg du strikkar?" Eg måtte jo sei som sant var, at det gjorde eg dessverre ikkje, men ho kunne jo fortelle meg kva ho ønska seg. Ønsket kom kjapt: "Eg ønskar meg en gensar, med stripar, hjertar og blomstar og så skal den være rosa og lilla". Vel, det vart ingen gensar, men det vart ein vest. Inspirert av Fanamønsteret. Her har eg brukt Duett og det gjekk med 224 gram. Og nok ein gong sidan eg ikkje har vore flink å oppdatere Ravelry og blogg jamnleg så hugsar eg jo sjølvsagt ikkje pinnestorleiken. Vesten er strikka i storleik 8 år.
Lynet McQueen vesten vart strikka til broren. Denne vart strikka i Lima og Lynet er brodert på i litt ulike typar fiber alt etter kva eg hadde. Her gjekk det med 141 gram, og nok ein gong anar eg ikkje kva pinnestorleik som har blitt brukt. Vesten er strikka i storleik 6 år.

Sløyfa som det er to bilete av er hekla i Muskat og det gjekk med 33 gram. Ei veninne fortalte meg rett før jul at sambuaren plutseleg hadde sagt at han ønska seg ei hekla sløyfe til jul. Ho kan ikkje hekle så ho sendte meg ei melding på Facebook, "har du tid? Kan du hekle ei sløyfe så kan eg overraske han med det på julaftan at eg faktisk har fått nokon til å gjere det?" Eg tok utgangspunkt i dette mønsteret og hekla den litt kortare. Håpar han har hatt den i bruk og er fornøyd. Sløyfa er i marineblått, som er litt vanskeleg å sjå på eit innebilete.

For fleire år sidan kjøpte eg mønster på pulsvarmarane Veyla og eg har lenge hatt utruleg lyst til å strikke dei, men det tok si tid før eg fekk gjort det. Desse er til ei god veninne til jul. Dei er strikka i Rauma Inca Alpakka, pinnenr 3mm og her gjekk det med 32 gram. 

fredag 4. april 2014

Fotballfans


Jada, så vart det eit lite opphold og eg jobber meg gjennom 2013 fortsatt. Tar si tid, gitt. Eg får no inderleg håpe at eg er komen meg inn i 2014 når påsken startar. ;)
Ein nevø ønska seg eit par Liverpool sokkar til jul. Eg tok utgangspunkt i dette vottemønsteret og strikka sokkar. Sokkane er strikka i Pt 5 Sport og det gjekk med 130gram til saman.
Dei er strikka med pinnenr 2,5 og 3mm. Eg skjønte fort etter eg var komen forbi hælen at dei kom til å bli for trange på leggen, men då hadde eg ikkje tid til å rekke opp att. Så dei ligg her no og venter på at eg skal strikke leggen på nytt med tjukkare pinnar.

Ei nisse ønska seg Brannhue til jul.
Her har eg laga mønster sjølv og hugsar jo sjølvsagt ikkje kva pinnar eg har brukt. Og det er her den kontinuerlege blogginga og ravelryoppdateringa kjem inn,- eg bør definitivt hente meg inn igjen på det. Den er uansett strikka i Smart og det gjekk med til saman 87 gram.

Forrige helg var eg på Strikketreff2014 i Oslo.
Eg hadde jo sjølvsagt ikkje med meg kamera, kunne sjølvsagt tatt bilete med mobilen, men kom no aldri så langt. Viss du er på Instagram kan du ta turen innom #strikketreff2014, så får du sjå kor kjekt me hadde det. 90 damer samla i lag til strikking, skravling, shopping, foredrag, workshop, soft is, popcorn, god mat osv. Krysser fingrar for at det vert nytt treff til neste år, ein eller annan plass i landet. Eg var første gongen i fjor og kjente jo då berre Fru Helianthus og mista fort litt oversikten over kven alle dei andre var. I år hugsa eg igjen ein del og kunne ta opp tråden litt frå i fjor i tillegg til å prate med nye.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails