lørdag 31. mai 2014

Bittasokkar

I grunn litt flaut å legge ut desse bileta, for eg brukar aldri å ta så dårlege bilete av så flotte Bittasokkar! Bileta måtte takast fort og gale på kvelden før dei skulle giast vekk og dette var dessverre på vinteren med dårleg ver.
Paret til venstre er Bure og er strikka i dobbel fabel på pinnenr 3mm. Dei er strikka i str 42 og det gjekk med 182 gram. Meir nøyaktig info finn du her.
Paret til høgre er Styrbord og Babord. Dei er strikka i pt5 sport på pinnenr 3mm. Dei er strikka i str 46 og det gjekk med 150 gram. 
Styrbord og babord sokkane var ei Pay It Forward gåve til ein svoger og desse vart strikka før nyttår. Bure var ei bursdagsgåve til ein annan svoger og desse vart strikka i februar. 
Bitta designer så utruleg flotte mønster. Eg skulle ønskje det var mange fleire timar i døgeret så eg rakk å strikke alt det flotte ho komponerer.

lørdag 10. mai 2014

Oslo Anorakk # 3, 4, 5 og 6


Oslo Anorakkar er i grunn ganske kjedelege å strikke, og ja, eg kunne ha lagt litt mønster på dei, som t.d. Fana eller Marius, men det har liksom ikkje blitt. Det er kanskje stygt å seie at dei er kjedelege, men, men.. Tidlegare har eg strikka denne og denne til ei veninne som fekk tvillingar. På grunn av hennar tilbakemeldingar har eg valgt å strikke fleire. Ho skryt dei opp i skyene og har brukt dei frå dag 1 og brukar dei fortsatt. Dei er fast påkledning på ungane t.d. i vogn og det er det plagget ho har brukt mest. Så, då måtte eg jo berre høyre på ei mors erfaring og strikke til fleire vordende mødre.
To av desse er strikka i 2013, den grøne og den grå (begge til venstre). Den grøne sendte eg avgarde til ei studieveninne og ho var overlukkeleg då den kom i posten. Ho har ønska seg ein slik i lengre tid og hadde prøvd å få kjøpe ein, men ei anna kom ho i forkjøpet. Kjekt med slike tilbakemeldingar. Dei to andre er strikka i 2014 og 1,5 av dei vart strikka på Oslo treffet i mars. Den rosa og den grøne er strikka i Freestyle. Det rosa og det blå garnet er HUV garn, supplert med lagergarn.
Dei grå og blå: Det grå garnet er Nepal og det blå er ein tråd Lima og ein tråd Røros Lamullsgarn. Alle er strikka på pinnenr 6mm. Den grå/blå midt i biletet er enno ikkje sendt avgarde, men bør kome seg i posten i starten av neste veke. 

Vekt:
Grøn/blå: 220 gram
Grå/blå: 250 gram på kvar
Rosa/lilla: 215 gram

lørdag 3. mai 2014

Baby Converse # 7 og 8

Det går litt treigt mellom innlegga. Og eg held meg fortsatt til 2013, visst. Nærmar seg slutten håpar eg. 2014 har vore eit travelt år så det er vel kanskje like greit å ha noko frå 2013 å legge fram. :)
Dei blå vart hekla til eit gardbrukarkollegapar (er det i det heile tatt eit ord?) sin son. Han vart fødd i november. Dei lilla vart i utgangspunktet hekla til datra til søstra til ei god veninne av meg, men så var det dette med travel igjen då. Eg fekk jo aldri besøkt dei og helst på så når eg omsider fekk levert Mariusselekjolen, som du ser i innlegget under (den med hjarteknapp), så innsåg eg jo at conversa kom til å vere for små. Sidan ei god veninne av meg hadde Baby Shower for ei tid tilbake og fekk ei jente den 27.april, så vart dei levert til henne i stadenfor. Eg gløymde å ta bilete av dei lilla før eg leverte dei, så då er det godt å ha ei god veninne som kan knipse bilete og sende på e-post. :)

Begge er hekla i Drops Muskat og begge veg rundt 32 gram. 
Heklekrok 2, 3 og 4mm.
Eg vurderer å gå opp ein halv storleik på heklekrokane for å få dei litt større. Mulig eg gjer det om eg heklar endå fleire.
Link til mønster finn du i eit av dei andre innlegga om Baby Converse. Klikk på Baby under menyen. :)

Kanskje eg får ut eit innlegg til i løpet av dagen/kvelden? Det hadde jo vore fint, så eg får litt oversikten igjen. 
Ha ein strålande laurdag og ei flott helg!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails