søndag 15. juni 2014

Symre

Dette er mønster nr. 2 i Bitta sin klutealong på facebook.
Viss du ikkje er med enno bør du henge deg på. :)
Det er mange flotte mønster!
Eg er så heldig at eg får teststrikke, så denne var ferdig før alongen starta. Min Symre er strikka i Mandarin Petit, pinnenr 3mm og 23 gram.
Eg skal i grunn ikkje kjøpe garn, men bruke av det eg har, men eg synes i grunn at Mandarin Petit er for tynt til klutar. Eg har strikka nokre i dobbel tråd, men det passar ikkje til desse mønstra. Det einaste er at eg har høyrd rykter om at det er tomt for Tuva, som mange skryt av, på dei fleste Europris butikkane i landet. Det har verkeleg blitt ein klutefeber i landet. Nei, eg må nok skaffe meg litt tjukkare bomullsgarn, ein mellomting mellom Mandarin Petit og Drops Paris, tenkjer eg. :)
Ha ein strålande søndag! :)

torsdag 12. juni 2014

Bergknapp

Bitta Mikkelborg har ei kjempeflott facebookside, Bittamis Design for strikkelystne. Via denne gruppa har ho starta ein klutealong. Forrige fredag kom mønsteret på Bergknapp og i morgon kjem det eit nytt mønster. Det er berre til å gle seg for det er nydeleg!
Eg er så heldig og beæra at eg er ein av Bitta sine teststrikkarar, dermed får eg tilgang til mønstra medan dei enno er under produksjon og kan kose meg med alt det flotte Bitta designer.
Bergknapp vart ferdig fredag føremiddag og no gler eg meg til og kunne vise dykk det neste mønsteret som kjem i morgon! :)
Eg har strikka min Bergknapp i Mandarin Petit, pinnenr 3mm og brukte 23 gram.
Eg likar i grunn ikkje så korte klutar, så dei neste vert nok lenger.

Eg vaska kjapt over vaskebrettet før bilettaking, men burde så absolutt hatt litt tolmod og venta med bilettakinga til det var tørt. ;)

torsdag 5. juni 2014

Vakre ankelsokkar

 Ofelia er nok eit nydeleg sokkemønster som eg teststrikka for Bitta Mikkelborg i september.
Eg trudde eg hadde lagt dei ut då ho publiserte dei, men oppdaga no at det har eg ikkje. Så her kjem mine. Dei er strikka på pinnenr 2 og 2,5mm.
Eg har brukt Drops Fabel på desse og 46 gram.
Viss du klikkar på biletet vert det større og lettare å sjå detaljane i mønsteret.
Nydelege ankelsokkar!
Viss du ikkje er medlem av facebooksida hennar bør du ta ein kikk innom og bli medlem. Du finn den her. I morgon startar det ein klutealong på sida hennar. Bitta har mange flotte klutemønster og. 
Bitta kan verkeleg det med å designe mønster!

Valmue er eit nydeleg sokkemønster designa av Trude Hertaas.
Fleire av hennar mønster finn du her.
Desse er strikka på pinnenr 2 og 2,5mm og det gjekk med eit nøste Arwetta.
Desse var og strikka i september 2013 og eg var sikker på at eg hadde lagt ut bileta av desse før.

Ønskjer alle som er innom ei flott pinsehelg!

onsdag 4. juni 2014

Barselgåver

 Denne jakken er strikka i Freestyle og vart strikka i fjor. Den skulle vere ei gåve til ein gut som vart fødd i juli. Då eg omsider fekk somla meg til å feste trådar og gjere den klar, innsåg eg at den kom til å vere for liten. Eg endte då opp med å sende noko anna. :)
Denne vart heller ei gåve til ein liten gut som vart fødd i mai i år, og vart sendt avgarde like etter meldinga om fødsel tikka inn på mobilen. Så denne bør vel passe. :)
Sidan oppdateringa mi på Ravelry er særdeles dårleg om dagen, hugsar eg jo ikkje korkje pinnenr eller kva mønster eg har brukt. Eg veit at eg slo saman to ulike mønster, men eg hugsar ikkje kva.
Det gjekk uansett med 144gram Freestyle.

 Milo er strikka i 2014. :)
Foreløpig utan plan for kven som skal eige den.
Den er strikka på pinnenr 4mm.
Garnet er Drops Lima og det er brukt 100 gram.
Litt rukkete under bilettakinga, men, men...

Denne babykjolen er frå heftet Sandnes Lanett Baby 1214.
Den vart strikka til vesle Maria som vart fødd i april.
Ho fekk og den rosa/lilla Oslo Anorakken, som du kan sjå her.
Kjolen er strikka i Lanett på pinnenr 2 og 2,5mm.
Det er brukt 150 gram garn.

søndag 1. juni 2014

Prinseteppet


To innlegg i løpet av ei helg, det er jammen meg lenge sidan sist. :) Dette teppet var ferdig 30.desember og er ei gåve til ein liten gut som ventast til verda om om lag to veker. Det er strikka i Drops Lace, pinnenr 3,5 mm og det gjekk med 130 gram.
Klikk gjerne på biletet så vert det større.

Det er strålande ver om dagen og det har vore ei fantastisk flott helg. Store delar av familien til mannen min har vore heime, og det er alltid kjekt! Saman har me gjort alt frå å plukke stein i lag på eit attlegg til å grille, slappe av og kose oss i grillhytta som du skimtar nede til venstre i biletet.
Ønskjer alle ein fantastisk fin sommar og takk for at nettopp du tar deg tid til å kikke innom bloggen. Og har du lyst til å legge att ein liten kommentar er det veldig koseleg. Eg lovar å ta turen innom deg igjen, dersom du har blogg, men eg kan ikkje love at det vert med ein gong. :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails